Åsskard 03

Tid for kyrkjegardsdugnadar!

Våren er komen!

Og med våren er det tid for kyrkjegardsdugnadar. Dei fleste dugnadane byrjar kl. 18.00, med ein innlagt kaffepause. Ta med deg hagereiskapar sjølv, til dømes trillebår, spett, spade og/eller rive. Så tek vi eit tak saman og rettar opp skakke gravstøtter og ryddar etter vinteren, melder kyrkja på nett. Dei aktuelle dagane som er sett opp for kyrkjene i Rindal og Surnadal, finn du ved å klikke vidare på saka.

Oppdatering av saka: Dugnaden i Åsskard er flytta fram ei veke til i dag i staden for 10.mai, og dugnaden i Mo byrjar kl. 17.

 

Desse dagane er sett opp (til høgre Åsskard kyrkje):

Øye; tirsdag 3. mai

Stangvik; onsdag 4. mai

Ranes, torsdag 5. mai

Todalen, måndag 9. mai

Åsskard, tysdag 3. mai

Mo, torsdag 12. mai

Rindal, måndag 9. mai

Øvre Rindal, torsdag 12. mai

Vel møtt! Sjå også her - Kyrkjene i Surnadal og Rindal er medlem av Trollheimspoerten! Bli medlem - klikk her. Alle medlemmer her!

Dugnadane startar kl 18, unnateke i Mo, der det startar kl 17.