Vårens vakre vellyd i Rindal
Kulturskoleelevane i Rindal hadde mandag sin årlege sommarkonsert. Vi fekk høre musikk frå mange land og på mange instrument.
Opningsnummeret var ein israelsk melodi framført av Lilja Bolme-Moum (over) på gitar støtta av lærar Alex, som også var konferansier. Linda Jennifer Garcia Elshaug heldt fram med ein russisk melodi på klassisk gitar før vi kom heim til Norge og Blåmann,Blåmann som Mona Løften spela for oss.
Linda Jennifer Garcia Elshaug
Mona Løften
Medan Alex støtta gitarelevane, var det Linda Torvik som presenterte og støtta pianoelevane. Alex og Linda ønsker fleire elevar frå Rindal til hausten!
Vidare i konserten fekk vi både Bethoven, blues og The Beatles, og både gitar, el-bass, slagverk, piano og solosong.
Heile gjengen deltok i finalenummeret Da doo ron ron.
Nedafor ser du bilder fra forestillinga i Attanova, Rindalshuset.