
Vårherres mangslungne åkerland
Djevelen har lite å fara med, men han fèr lell. Han har sådd sitt og rota det til i Vårherres åkerland. Heldigvis er det ikkje opp til oss å bedømme kven som er fromme syndarar eller heiderlege heidningar. Sundagspreika frå Øvre Rindal kapell 27.januar finn du inne i artikkelen:
Matteus 13,24-30:
Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin. Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg.
Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne. Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’ ‘Det har ein fiende gjort’, svara han.
‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei. ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten. Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»
Me har ikkje berre fått ein lignelse fortalt for oss – me har også fått forklart kva den betyr. Jesus forklarer sjølv at åkeren er verda. Det gode kornet er dei som er born av riket, ugraset er borna til den vonde.
Altså: Når me reflekterer over likninga om ugraset i kveiten, må me ha i mente at åkeren er verda og ikkje kyrkja. Såkornet er Guds born – i denne likninga. Ugraset er ikkje dei slemme borna, men ondskapens born. Fienden som sår ugras, er djevelen.
Det blir veldig sett på spissen, dette. Finst det her i verda nokon som er planta og sådd av Gud? Og motsett: Finst det her i verda nokon som er planta og sådd av djevelen?
Guds born og djevelens born side om side i den same verda. Er det tilfelle? Finst det ikkje gradar av alt … nokon som er litt gode og litt vonde, nokon som har litt frå båe sidene? Finst det ikkje noko godt og noko mindre godt i oss alle?
Det kan gjerne vera tilfelle. Dei fleste av oss har mykje av oss sjølve og litt av kvart. Me kan vera så ymse. Slik me ser det, finst det ikkje menneske som er berre gode og berre vonde.
Er me til å stole på, er me vel ikkje så verst? Betaler me skatten vår og gjer opp for oss, der det då ikkje så ille? Så kan me putte på litt frivillig arbeid og engasjement for misjon eller Kirkens nødhjelp, idrettslaget eller Rørdalen vel. Då må det vel bli bra?
Slik ser me det. Men det harmonerer ikkje med lignelsen Jesus fortel. Korleis skal me takle det? Skal me tilpasse Ordet etter korleis me ser verda? Eller skal me tilpasse oss sjølve etter kva Guds ord seier?
Me har vel hatt såpass med Jesus å gjera at me forstår svaret.
Og Jesus har hatt såpass med seg sjølv å gjera at han forstår kva det betyr: Det betyr at det menneskelege fall er like totalt som frelsa er det. Me er komplette syndarar som treng frelse for alt me har synda mot Gud og kvarandre i tankar, ord og gjerningar.
For å tala med likninga: Skal me kunne bli godt såkorn og nyttige vekstar i denne verdens åkerland, så må Jesus gjera oss gode.
Ingen er født til å vera Guds barn. Men alle er født til å bli det – i Jesus Kristus.
Åkeren me lever i, kan vera mangslungen. At djevelen slapp til med ugraset sitt, er bokstaveleg talt ein lagnad verre enn døden. Det er langt verre enn å få floghavre i åkeren sin.
Og så er det så vanskeleg for oss å skilja nyttevekst frå ugras i Guds åkerland. Kven er vel kompetent til å skilja mellom fromme syndarar og heidersfolk av nokre heidningar??!
Så godt for oss at dette ikkje er vår jobb. Vår jobb og vårt kall er derimot å vekse og leva side med side – uansett kven me lever ved sida av.
Slik skal det vera inntil enden. Inntil dommen. Inntil åkeren skal haustast. Då skal dei som høyrer Gud til, bli lagra på låven og … gjerne vera til nytte.
Dei som høyrer djevelen til, blir endå mindre verneverdige enn floghavren. Dei skal brennast og uskadeleggjerast. For alltid.
Jamen, spør me. Er det ikkje nyansar her? Finst det ikkje slingringsmonn? Finst det ikkje like mange nyansar som det finst folk?
Nei, seier Jesus. Det er anten – eller. Skal me ha litt frelse, så får me ta alt. Skal me stole litt på våre gode forsett, må me klare oss sjølve og vera innstilt på å bli uskadeleggjort.
Men kvifor skal me det??