
Vårkveld med stor MGP jr.-stemning

10-årige Torstein, som er elev på Stangvik oppvekstsenter, er blant deltakarane som skal i aksjon under den TV-overførte MGP jr.-finalen i Oslo Spektrum 4. september.
Mange skulekameratar blir med for å heie på Torstein under finaleshowet i Oslo, og eit stort basarbord og kjempemessig utlodning under Vårkvelden, er mellom tiltaka som skal vere med og sørgje for finansiering av turen.
Med stort og smått var nærare 300 personar med på den trivelege og innhsaldsrike Vårkvelden. Der var det mellom anna innslag frå klassane og barnehagen, dansegrupper med heftige rytmar, Arne Landsem i storslag og Torstein Snekvik som song "Bøverdalsrock" med alle dei andre elevane som superkor!
Elevane, foreldregruppa og dei tilsette med rektor i spissen, fekk grundig ros frå både ordførar Mons Otnes og leiar i foreldreutvalet, Bergsvein Brøske. Og det vart gåver og roser. Men det var nok elevane som hausta mest applaus, det var da tross alt dei som sørga for den fine underhaldninga.
Klikk på bilda under for større versjonar.
Tekst/foto: Lars Magne Bæverfjord

.png)







