dugnadsfolk_1024x683

Våronn i Svinvika

Arboretet i Svinvika og Surnadal hagelag har i fleire år samarbeidd om å gjera arboretet klart for sommaren. Når rododendronknoppane begynner å vekse, er det tid for den årlege, felles dugnaden i Svinvika! Det var rimeleg "hustre" da årets dugnad vart avvikla onsdag kveld, men det var ingen sure miner å sjå av den grunn. Dugnadsgjengen hadde kledd seg godt, og somme hadde til og med måtte lette litt på antrekket uti økta. Omtrent 25 personar, dei aller fleste trufaste gjengangarar på desse dugnadane, hadde møtt fram for å gjera arboretet klart til å ta imot turiststraumen som no er like om hjørnet. Legg ein saman arbeidstimane som vart lagt ned, vart det meir enn ei heil arbeidsveke!

Pause i økta: Martha Gravvold, Oddmund Gravvold og Per Jan Betten tek seg tid til eit 5-minutt ved den veksande lauvdungen. Alle foto: Norunn Holten

Rønnaug Skjermo tykkjer det er godt å koma seg til Svinvika på dugnad.

Vaktmeister ved arboretet, Ola Bruset, organiserte dugnadstroppane.

To blidspente damer på kjøkkenet, Maja og Marit Frønes, ordna med mat til dugnadsgjengen. Førstnemnte skal vera ansvarleg for kafedrifta i sommar.

Mange krinkelkrokar å rake i arboretet!