Våronn ved Åsskard-kyrkja
Førti frammøtte sørga for vel gjennomført rakardugnad ved Åsskard-kyrkja tysdag kveld. No ser det ryddig og pent ut til dei store dagane i mai.
Inger Solem og Bjørn Rønning snørta opp nede ved elvakanten.
Asbjørn Bøe og Kristian Settem rettar opp ei støtte som telen har skipla i vinter.
Yngste deltakar, Eirin, rydda kvist attmed kyrkjemuren. (Foto: Randi Vetleseter Bøe)
Gunnvald Bøe, Kristian Settem og Tor Åge Reiten tok tak på nykyrkjegarden.
Kåre Sæterbø stelte rundt gravminnet hans onkel Sivert.
Kaffen smaka godt etter endt arbeidsøkt, synest Kåre Sæterbø (t.v.) og Jostein Foss.
Kyrkjegardane skjuler mykje historie. Sjøl om støtta forlengst er borte, har Jostein Foss funne staden der oldeforeldra frå Øverøra vart gravlagde. Dei omkom ved forlis i Åsskardfjorden i 1891.
Lauv og kvist vart fjerna med river og trillebår. Skeive gravstøtter vart retta opp der det var muleg. Dei fleste står no rankt og stilig på alle dei tre gravstadene – Gammelkyrkjegarden i Vågen, feltet rundt kyrkja og den nyaste gravplassen ned mot Belaelva.
Etter halvannan times innsats i finveret var det kaffestund og prat rundt borda i Kyrkjestua.
Og: Om ikkje mange vekene er det ny kyrkjedugnad i Åsskard – da med målarkosten!
Innsendt av Bernt G. Bøe / soknerådet
Dei fleste foto: Bernt G Bøe