
Formannskapet gjekk for 150 000 kroner
Vårsøg Hotell fekk lyd- og lysanlegg
Med 5 mot 2 stemmer vedtok Surnadal formannskap (til høyre) dette i ettermiddag med ei oppmoding og forutsetting om å arrangere rusfrie sammenkomstar for dei under 18 år.
Rådmann Geir Vikan hadde foreslått avslag slik: Ut frå ei grunngjeving om anstrengt likviditet på næringsfondet som krev ei ekstra streng prioritering av bruken, blir søknaden frå Vårsøg Hotell AS om kr. 150.000,- i støtte til lyd- og lysanlegg ikkje imøtekome.
Sjå heile saksutgreiinga her med vedtaket.
Palmer og Lilly Gunn i mot
- Eg har spekulert svært mykje på dette. Vårsøg hotell har gjort ei stor investering og det er ei stor berikelse for bygda. Men vi har spøtte i ein god del pengar for at dette skal lykkast rundt Kulturhuset. Eg føler dette blir eit stort beløp i forhold til anna ting, sa Palmer Vikan (KrF) og støtta rådmannens tilråding.
- Dette er eit alt for dyrt lyd- og lysanlegg, men eg har passert målgruppa og bøyer meg for dette. No har vi sjansen til å få ein plass som uorganisert ungdom kan bruke, sa Stig Sæther og ville anmode om å arrangere rusfrie tilbud for ungdom under 18 år. Han foreslo å føye til dette.
Lilly Gunn Nyheim (Ap) ville stemme for tilrådinga og gå i mot.
Lilli Husby (Ap) tykte Stig kom med ein kjempeide om rusfrie arrangement. Ho etterlyste rockekonsertar og muligheter for dei som spelar og gruppene i Surnadal kan bruke dette.
Dermed vart det 150 000 kroner på Vårsøg Hotell og Kulturhuset til lyd- og lysanlegg.
Budsjett og økonomiplan står også på sakskartet i ettermiddag og Trollheimsporten vil komme med meir frå formannskapet utover. Følg med!

.png)

