Vårsong og opera i grendahuset

Opera skremmer ikkje folk frå grendahuset i Bøfjorden. Tvert imot - søndag var det stappfullt hus til allsong, kor-opptrinn, kaffe – og altså operaperler!


Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor starta opp med musikalsk tilbakeblikk (via Bach-tonar) på kongebesøket i Surnadal 1685. Vertskap i Utistu Røv var Sigrid Vetleseter Bøe (Ane; sopran) og Erik Rosenius  (Ingebrigt; bass) medan stumrolla som kong Christian V vart tolka med stor verdighet av John Nonnon Heggem. Marthe Belsvik Stavrum (fløyte) og Hedda Hansen Berg (klaver) gav tonefølgje.

Allsongen tona friskt, dels til trekkspeltonar av Oddmund Solem, som også briljerte med to flotte solonummer. Åsskard Bygdekvinnelag sørga for mat og kaffe.

Vårsong a Montasje.jpg
 

Høgt nivå

Men det var operasolistane som stal showet – med muntre og gripande utdrag frå bl.a. «La Boheme», «Askepott», «Cosi fan tutte» og andrestorverk. Og – å tolke dette slik desse gjorde, vitnar om høgt kunstnarleg og musikalsk nivå. 

Meldalsjenta Marit Johanne Nielsen (masterstudent i song ved NTNU) har ein glitrande koloratursopran totalt utan høgdeskrekk.  Ho sjarmerte salen i senk med sine smaksprøver frå «Flaggermusen», «Linda di Chamonix» og den elleville «Glitter an be gay» frå Bernsteins «Candide».
 

Vårsong b Operakvartett Hedda Marit Erik og Sigrid 2016.jpg
Fortent applaus til «operakvartetten» Hedda (frå venstre), Marit, Erik og Sigrid.

 

Rosenius – kjent namn

Bassen Erik Rosenius er berre 23 år, men har ein stor, moden bass og eit overdådig scenisk talent. Som medlem av den kongelege «Prinsekvartetten» og i andre samanhengar syng han regelmessig i den svenske slottskyrkja.  Malmfullt klang «Ol’ Man River» i grendahuset,  og det sprudla av solisten både som bonde på Røv (Bach-arie), som arg fader og kranglefant i andre roller.

- Rosenius-namnet lyder kjent, sa dei i salen. Ja, den berømte predikantenog diktaren  Carl-Olof Rosenius var bror til tipp-tipp-tippoldefar av søndagens solist! Og som ei gripande 200-årsmarkering (Carl-Olof R. var fødd i 1816) framførte Erik han mest kjente salme «Var jag går, i skogar berg och dalar».

Vårsong c Sigrid Erik 2016.jpg
Sigrid og Erik i duett (nei – heftig duell!)  frå Mozarts «Bortførelsen»

Vårsong e Marit 2016.jpg
Marit Johanne Nielsen briljerte stort – som i utdraget frå «Candide»

Vårsong f Hedda 2016.JPG
Men utan Hedda hadde det blitt tynne saker ...

 

Sigrid, Marte  og Hedda

Sigrid Vetleseter Bøe kosar seg på heimebane – og har altså «innført» operaen som folkeføde i lokalmiljøet. Uvanleg gripande tolka ho Mimis vemodige avskjed frå «La Boheme».

Eit vakkert intermesso sørga fløytist Marthe Belsvik Stavrum for da ho roa alle ned med Carl Philipp Emanuel Bachs «Adagio». Han var ikkje berre sønn av sin far Johann Sebastian, men også av si mor Maria Barbara, understreka Marthe treffande!

Krumtappen i dette ensemblet er Hedda. Det er ikkje minst hennar teknikk, musikalitet og arbeidskraft som utløyser potensialet i songsolistane og let bygdefolk her heime oppleve operakunsten på så fornøyeleg - og fordøyeleg - vis!


Vårsong d Kosa seg Karen NN May NN.jpg
Mellom 150 og 200 frammøtte kosa seg på Vårsongfesten. Her frå venstre Karen Flatø, Louise Røst-Larsen, May Iren Dønheim Hovde og Eli Norunn Furnes Fjærli.

Vårsong g Øving 2016.jpg
Ingen må tru at artistane ikkje øver! Her tek Sigrid, Erik og Marit ein siste sjekk på Mozart-tersetten «Soave sia il vento» før konserten.
 

Foto: Åsskard Kyrkjekor