Vakker helgemessedag
Helgemessedagen – Allehelgens – vart feira søndag. I Stangvik, Todalen og Åsskard gjorde sokneprest Kristin Strand teneste.
Bildet over: Konfirmantar deltok saman med sokneprest Kristin Strand i minnestunda i Todalen kyrkje
I Stangvik var det barnedåp - i tillegg til dagens liturgi som omfattar minnestund for dei som har gått bort siste året. Kantor Hedda Hansen Berg og sopransolist Sigrid Vetleseter Bøe la musikalsk ramme om høgtida.
I Todalen og Åsskard deltok koret Prosjekt 17 – med musikk av Wesley og Mendelssohn forutan korsatsar til fleire av salmene. Konfirmantar og koristar hadde også roller i minnesekvensen med lystenning.
Ei fin oppleving var bruken av lysgloben – der kyrkjelyden kan tenne lys som symbolhandling for minne og andakt.
Dagen er prega av vemod og håp. - Vi tenner lys for dei vi saknar, men som lever vidare i vår og Guds erindring, sa sokneprest Kristin Strand. Fulltonande Deilig er jorden avslutta alle dei tre nemnte allehelgensmessene.
Koret Prosjekt 17 song i Todalen og Åsskard.
Lysgloben i Åsskard vart flittig bruka til lystenning og andakt.
Innsendt av Bernt Bøe.