OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vaksenopplæring

11. desember startar Surnadal vidaregåande skole støttekurs for vaksne som har som mål å ta fagbrev i helsearbeidarfaget. Kurset skal gå over 3 semester, og det er meininga at deltakarane etter dette kurset skal vera betre rusta til å ta dei eksamensfaga som krevst før ein melder seg opp til fagprøven.

Undervisninga er gratis, men du må koste lærebøkene sjølv. Bøkene får du kjøpt på skolen.

For å delta på kurset, må du registrere deg elektronisk i VigoVoksen https://www.vigo.no/vigo-voksen/index.action og fylle ut søknadsskjema som du får ved å ta kontakt med skolen. Dersom du tykkjer dette ser litt vanskeleg ut, er det ikkje noko i vegen for at du kan møte 11. desember for å få med deg orienteringa og den første undervisningsøkta før du registrerer deg.

Kurset er retta mot praksiskandidatar/privatistar. Som praksiskandidat er kravet min. 60 mnd relevant praksis før du går opp til fagprøve.

Som framtidig helsefagarbeidar er du er velkommen til Surnadal vidaregåande skole tysdag 11. desember kl 19.00.

Det skriv Surnadal vidaregåande skole på si heimeside www.surnadal.vgs.no

Surnadal vidaregåande skole er medlemmar av Trollheimsporten. Sjå alle medlemmar her. Bli medlem du og!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA