
Valsøybotn årets Utviklingsbygd

Heidersprisen "Utviklingsbygda" går til det mest aktive og kreative bygdesamfunnet i fylket. - Vi vil heidre det frivillige arbeidet som vert lagt ned for å skape næringsutvikling, busetnad og trivsel på bygdene våre, seier landbruksdirektør Anne Berit Løset.
Prisen til Utviklingsbygda er eit samarbeid mellom Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal og vart delt ut for første gong i fjor. Då var det Hellesylt som stakk av garde med prisen.
I Valsøybotn har det dei siste tiåra blitt utvikla fleire konsept med basis i natur, kultur, næring og utviklingsprosjekt BærjeBruse. Den unike lokaliseringa ved fossen i Valsøybotn har gjort Fosskonserten til eit ettertrakta kulturtilbod, dit tusenvis av kulturinteresserte publikummarar strøymer til. Den siste onsdagen i juli er i løpet av få år etablert som Fosskonsertens dag, der artistar som Åge Aleksandersen & Sambandet, Vamp, Odd Nordstoga, Gåte, TNT og Dance With A Stranger har spela.
Med bakgrunn i kultur- og industrihistoria i Valsøyfjord er Musikal Fossen lansert, med premiere 19. august. Musikalen blir ei gigantoppsetning, med både profesjonelle og amatørar i ensemblet på totalt rundt 130 personar, i tillegg til eit teknisk personale på i underkant av 70 personar.
Musikalen tek utgangspunkt i drifta ved Enge bruk og Enge tresliperi, og prosessen til organisering av arbeiderne. Historia baserer seg delvis på autentiske personar og hendingar, men hentar også element frå Valsøyfjord-forfattar Anne Karin Elstad sine romanfigurar og historier.

.png)

