Ragnhild og Bodil_1024x683

Vandrefestival med rekordbesøk

To av krumtappane i Norsk vandrefestival avrunda ei vellykka helg ved å delta på familieturen til Ranessetra. Styreleiar i Norsk vandrefestival, Ragnhild Godal Tunheim, og styremedlem Bodil Gjeldnes rapporterte at dei er kjempefornøgde med resultatet etter Norsk vandrefestival 2012. Kring 2000 personar har til saman delteke på arrangement i fire kommunar, og dette er ein solid rekord i forhold til tidlegare år. Dei opplever frammøtet som eit signal om at festivalen er på rett veg, og at dei i ferd med å finne «forma si».

Fornøgde festivalarrangørar kan ta ein velfortent kaffekopp på Ranessetra etter ei vellykka helg. Foto: Norunn Holten

I fjor hadde festivalen kring 600 deltakarar, og det var eit par hundre færre enn første året Norsk vandrefestival vart arrangert. Ragnhild Godal Tunheim fortel at dei framfor arrangementa i år håpa på kring 1000 deltakarar. Etter ei førebels oppteljing har dei no kunne fastslå at deltakinga er dobbelt så stor som dei på førehand hadde håpa. –Vi er kjempefornøgde! Dette er det vi har håpa på og meir til, seier dei to entusiastiske representantane for arrangørane da vi snakka med dei ved Ranessetra. Dei peikar på at år tre er eit viktig år for vandrefestivalen, men dei oppfattar responsen på årets festival som ei bekrefting på at dei er på rett veg og at dei er i ferd med å finne «forma si».

Dei har hatt 28 arrangement rundt om i fire kommunar i løpet av tre dagar, og deltakinga på arrangementa har variert. Ragnhild Godal Tunheim fortel at dei ikkje har hatt ambisjonar om å ha veldig mange deltakarar på alle arrangement, men at dei vil ivareta mangfaldet. Dei ønskte seg likevel at nokre arrangement skulle bli fyldige arrangement med mange deltakarar. –Og det har vi fått til, seier ho. Dei to styremedlemmene presiserer elles at føremålet med festivalen er å skape fokus og interesse kring vandring, og det meiner dei at dei har greidd med den nyleg avslutta festivalen.

Deltakartala er ikkje dei einaste Tunheim og Gjeldnes er fornøgde med. Dei er lykkelege over å ha hatt værgudane med seg desse dagane ettersom været ikkje har vore det aller beste den siste tida. Dei er også storfornøgde med Igltjønna som base og rindalingane som samarbeidspartnerar. Spesielt trekkjer dei fram dugnadsinnsatsen som rindalingane har gjort.