saltkjelen20120725135737936_550x390

Vandring i fortid og framtid på Tingvoll

Bioforsk Økologisk og Tingvoll historielag inviterer til vandring med tema frå både historie og framtid på Tingvoll gard.

Vi startar med vandring ut mot Øygardneset frå Tingvoll kyrkje saman med Terje Ramsøy-Halle, Arne Hagen og Ketil Valde.

Etter Øygardsvandringa , som startar frå Tingvoll kyrkje klokka 11, søndag 5. august, blir det servering av hagesuppe. Det blir omvising i Stjernehagen og Tingvoll Sol- og Bioenergisenter på Tingvoll gard. Hageansvarleg Susanne Friis Pedersen vil by på ein guida tur i hagen, medan Ketil Valde tek oss med i Tingvoll Sol- og Bioenergisenter. Det er høve til å delta på delar av programmet. Arrangementet er ein del av Norsk Vandrefestival.


Husa på Saltkjelen er borte, men historia lever. Her eit bilete frå 1910 av Ingebrigt Husby, Gunhild Husby, Iduna Raaen, Sigwart Raaen, Martha Raaen og Marit Tingvold som budde på Saltkjelen. Biletet er tatt av Ivar Pedersen


Stjernehagen er populær. Søndag blir det servert hagesupper etter den historiske vandringa på Tingvoll gard. Vandringa startar ved Tingvoll kyrkje. Foto: Bioforsk Økologisk