Tingvoll har vore eit vandringsmål og eit knutepunkt i uminnelege tider
Vandringsmål for ferdafolk
Særleg i den tida der reisande ferdast på fjorden, var Tingvoll ein stad der folket samlast. Namnet Tingvoll seier vel det meste. Tingvoll kyrkje og Tingvoll gard er sentrale stader. Derfor inviterer Bioforsk Økologisk og Tingvoll sogelag til vandring. Vandringa startar frå Tingvoll kyrkje fredag 2. august kl. 11:00. Etter omvisning i og ved Tingvoll kyrkje, blir det orientering om naustet som kystlaget bygger. Det blir mat, kaffi og omvisning i Stjernehagen og orientering om NORSØK, Bioforsk Økologisk og Tingvoll gard. Arrangementet i morgen er ein del av Norsk Vandrefestival, vel møtt!
Dette biletet av Tingvoll kyrkje frå sjøen er teke av prost og fotograf Ivar Raaen rundt 1905.
Terje Ramsøy-Halle vil snakke om historia til Tingvoll kyrkje. Foto: Bioforsk.
Hagevandring hører også med. Foto: Anita Land.