
- også i år med ei nyskriven og nyteikna soge
Vangsgutane 2012
Den redaksjonelle artikkelen er skriven av Arne Hjeltnes. Han skriv om sin favoritt i serien, Sigrid Vangen, mor åt Vangsgutane. Ho er sjølve bygdekvinna. Solid, trufast, hardtarbeidande og mest oppteken av å gjera godt for andre. Kven drøymer ikkje om ei slik mor og kone, skriv han.
Den nyskrivne historia om Vangsgutane og Larris er lagt til hausten 1941, då alle som ikkje var medlemar i NS laut levera inn radioane sine. Radioen åt moster Ane hamnar i stova til ein NSmedlem. Sterk-Ola og Vangsgutane bestemmer seg for å ta radioen att og ei mørk natt aksjonerer dei.
Trufaste lesarar får også sitt. Det blir gjensyn med ei soge frå 1965, skriven av Vangsgutane sin far, forfattaren Leif Halse og med teikningar av Bjarne Kristoffersen. Vangsgutane skal til fjells med mat til ein zoolog driv feltarbeid. Der møter dei tjuvane Fanten og Feiaren som tjuvslaktar sauer på beitet.
Det er Fonna Forlag som gjev ut Vangsgutane - klikk på linken og sjå meir.