Vangsgutane mellom stive permar
Vangsgutane 2013 - nyskriven og nyteikna soge
I årets julehefte av Vangsgutane frå Fonna Forlag finn du ei nyskriven og nyteikna soge. Slik held den varsame fornyinga av serien fram. Forfattar er Sverre Årnes og teiknar er Ivan Andreassen. I tillegg får du to klassikarar, ei frå1948 og den andre frå 1950. Samtidig får du i år Vangsgutane mellom stive permar - første bind i ein serie som skal innehalda teikneseriane frå dei 16 julehefta med Vangsgutane som Leif Halse og Jens R. Nilssen teikna frå 1941 til 1957. Det er mykje å gle seg til.
Framsida er teikna av Knut Westad. Den redaksjonelle artikkelen er skriven av Harald Stanghelle. Vangsgutane speglar av ei verd som var, skriv han, og gjev oss slik ein glytt inn i den fortida som har lagt grunnlaget for notida.
Den nyskrivne forteljinga er lagt til krigsåra. Den vakre Rannveig kjem frå byen og skal bu på Vangen ei tid. Det vekkjer interesse hjå unggutane i bygda; ikkje minst Larris. Det skal vera skøytelaup i bygda og Larris legg ein lumsk plan for korleis han skal vinne.
Trufaste lesarar får også sitt. To klassiske forteljingar skrivne av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen. I den fyrste, frå hefte nr. 7 / 1949, hjelper Vangsgutane til med å fanga den olme oksen Brannstut, som Breiset-gubben eig. I den andre, frå hefte nr. 8 / 1950, er den gamle kjenningen Posttjuven på ferde. Vangsgutane tek opp jakta. Det vert dramatisk for gutane, men så kjem Sterk-Ola og lensmannen til hjelp.
VANGSGUTANE mellom stive permar
Denne boka er første bind i ein serie som skal innehalda teikneseriane frå dei 16 julehefta med vangsgutane som Leif Halse og Jens R. Nilssen teikna frå 1941 til 1957.
Perioden vert kalla gullalderen i den norske teikneseriekunsten. Dei fleste store klassikarane blant dei norske seriane vart skapt i denne tida.
Føreordet til bind 1 er skrive av den kjende NRK-veteranen Nils Nordberg.
Du finn meir om Vangsgutane her hos Fonna Forlag, som i tillegg gir ut julehefte om ingeniør Berg - det første av dei originale hefta.