vangsgutane_350x196

Vangsgutane i ny innpakning

Til jul kjem gode gamle Vangsgutane ut i heilt ny innpakning. Halve heftet blir nyskrivne historier, ført i penna av surndalingen Sverre Årnes. Og teikningane blir like ferske, laga av teiknaren Ivan Andreassen, skriv driva.no. - Broder Arnt Årnes, som står attom Fonna Forlag, har masa på meg i mange år om dette. Og no har eg sagt ja. Eg er ein stor tilhengar av historiene om Vangsgutane, og las serien som guttunge, smiler Sverre Årnes.

Fredag i påska er forfattar og teiknar på befaring i Todalen, for å ta bilde og sikre at rammene rundt den nye serien blir mest muleg autentisk.

- For meg er det ei ære å få vere med på dette prosjektet. Vangsgutane er ein del av den norske kulturen for meg, på linje med seriar som Nils og Blåmann og Stomperud. Eg tykkjer det er flott å få sjansen, seier Ivan Andreassen til driva.no.

Plana er at det skal komme ut nye hefte årleg, signert Årnes og Andreassen. Men dette første året blir det halve nytt stoff og halve reproutgåve av gammalt Leif Halse-stoff.

- Steinar Halse, sonen til Leif Halse, har godkjent manuset mitt. Så no gjenstår det berre å få teikningane på plass, seier Årnes.

Teikninga er laga av Jens R. Nilssen, den første Vangsgutane-illustratøren.