Blant landets mest populære julehefter:

Vangsgutane på topplista

Salstal frå Narvesen viser at Vangsgutane frå Todalen er nummer seks på lista over dei mest selde julehefta i Noreg. – Ei kjempegod nyheit for oss, seier forlagssjef Arnt Årnes.

Vangsgutane jula 2018 690[1].jpg

Vangsgutane, teikneserien som følgjer brørne Steinar og Kåre Vangen og livet deira på eit småbruk i Todalen, er framleis populær.

I ei pressemelding onsdag viser Reitangruppen til salstal frå Narvesen, der Vangsgutane ligg på sjetteplass på oversikta over dei mest selde julehefta på landsbasis. Det plasserer serien til tekstforfattar Leif Halse mellom Nemi og Donald Duck.

Fornøgd forlagssjef

Serien, som først kom på trykk i 1940, vart utgjeven i julehefte allereie i 1941.

Forlagssjef og majoritetseigar i Fonna Forlag, Arnt Årnes, er storfornøgd med salet, sjøl om han understrekar at dei endelege salstala ikkje ligg føre før i januar-februar.

– Det at vi er nummer seks på salslista av 51 julehefter er ei kjempegod nyheit for oss, så desse listene likar eg å sjå, seier Årnes, og legg til:

– Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar så langt, og terningkast fem i både Dagbladet og Aftenposten. Vi får mykje skryt for at vi har gode historier i heftet vårt, og eg må få rose den nye historia til Nils Nordberg.

Årnes, som budde i Surnadal til han var 15 år gammal, har eigd Fonna Forlag dei siste 14 åra. 

Vangsgutane jula 2018 inneheld ei ny historie, laga av Nils Nordberg og Ivan Andreassen, i tillegg til ei originalhistorie frå 1953 av Leif Halse og teiknar Jens R. Nilssen. 

Kråkevik-hefte toppar

Nina Halvorsen, kategorisjef i Narvesen, peikar på tradisjonar som den viktigaste årsaka til folk sine juleheftevanar.

– Julehefter handlar om tradisjonar og vi ser at nordmenn er ganske tradisjonelle i vala sine. Dei kjøper gjerne favorittane sine år, etter år. Dessutan er det nok mange som gjev julehefte som ei førjulsgåve til sine næraste, seier Halvorsen.

På toppen av salslista finn vi Juleroser, som Herborg Kråkevik står bak. Det er tredje året på rad Juleroser tek førsteplassen, og på plassane er det i år Pondus, Stomperud og Knoll & Tott som følgjer.

Her er Topp 10-lista over dei mest selde juleheftene hos Narvesen i 2018:

1                    Juleroser
2                    Pondus julehefte
3                    Stomperud jul
4                    Knoll & Tott
5                    Nemi julehefte
6                    Vangsgutane
7                    Norsk Donald julehefte
8                    Lunch julehefte
9                    Aukrust jul
10                  Donald Trump