Header3

Sagene Puck Klubb

Vann eiga turnering

I år som i fjor var det altså heimelaget som trekte det lengste strået. Men denne gongen fekk dei knallhard kamp finalen av naboklubben Surnadal Blades.

Finalekampen åpna forrykande med høg fart og harde taklingar. Heimelagets Olaf Karlstrøm var i tøffaste laget i ei takling som førte til straffe til Surnadal. Den satte Krisjanis Arjas sikkert i mål og dermed førte gjestane opp i leiinga. Rett etterpå la Øyvind Knudsen på til 2 - 0, og det såg mørkt ut med tanke på siger for heimelaget. Men dei malte på og det var fortent då Rickard Larsson reduserte til 2-1. Larsson var ikkje snauare at han like etterpå utlikna til 2 - 2. Det var stadig nokre minuttar att  og det var nerve i kampen. Avgjeringa kom like før slutt, og det var Eirik Tørset som sette 3 - 2! Finalen var ein jamnspelt batalje med høgt tempo og til tider godt spel, og som altså endte med seier 3 - 2 til heimelaget.

Eirik.JPG
Eirik Tørset frå arrangørklubben Sagene Puck Klubb, delte ut premie til lagkameratar og lagleiar Birger Bakken

Header3(lite).jpg
Vinnarlaget med lagleiar Birger Bakken (I oransje).

Kampscene.JPG
Glimt frå finalen

Rickard Larsson har scora.JPG
Eirik Tørset får gratulasjonar frå lagkompisar etter scoringa si.

Trollheimsporten gratulerar med både seier og godt gjennomført arrangement!

For resultater, sjå artikkelen frå tidlegara her