Header

Rindal kyrkje

Variert julekonsert

Tradisjonen tru var det fredag julekonsert i Rindal kirke og årets arrangør, Blæst`n, hadde sydd saman eit program som ei fullsett kyrkje sette stor pris på. Det vart servert kjende og kjære julesongar, både med kor, korps og solistar og alt med utført med kvalitet og sjarm!

Etter at klokkene hadde ringt, opna Lone Lorgen med ei nydeleg framføring av "Nordnorsk julesalme" heillt utan tonefølgje. Når ein har ei slik stemme trengs ikkje det! Etter at Blæst`n hadde spelt "When you wish upon a star", fekk vi oppleva eit ultra-sjarmerande barnekor under ledelse av Johanne Bjørkhaug. Dei song "Det kimer no til julefest" og "Nå tennes tusen julelys" med sterk og klår røst! Det lover godt for framtidige konsertar at det veks etter med talenter, noko som neste nummer berre bekrefta då Matilde Bakken, Karen Gåsvand og Marit Grytbakk framførde tre songar med bravur.

Blæst`n sin dirigent, Olav Morten Tørset, fungerte òg som konfransier og losa oss trygt gjennom programmet, men bomma litt då han annonserte Knut Arne Fiske Pedersen som surndaling. -Det skulle sjølvsagt vera ØVER Surndaling, korrigerte Tørset. Fiske Pedersen, medlem av Blæst`n, las jule-evangeliet for oss, og fikk oss om muleg i meir julestemning.

Korsong

Både Tormod og Kor Gøittj stilte opp på konserten og gav oss fin song. Tormod blei dirigert av Elin Persson og Kor Gøittj hadde, som vanleg, Dagrun Løset med taktpinnen. Kor gøittj avslutta sin bolk med "Takka fær det oss ha fått", komponert av rindalingen Jo Sverre Sande og arrangert av dirigent Løset. Bettina Røen og Bjørn Børset var solistar på den, og "leverte varene"

Korps

Blæst`n spelte fleire "godbitar" og har vorte eit knakande godt korps, og stadig voksande. Det var skikkeleg trøkk på fleire av numra, og dei gav tonefølgje både til kor og til solist Magne Lillegård, som song den lett humoristiske "Julekveld i skogen"

Debutant

Stian Kooyman deltok på julekonserten for første gong, og gav oss nydelege framføringar av "Himmel på jord" og "O, holy night". Han blei godt hjulpe av Dagrun Løset bak pianoet. Med den stemmen er det nok ikkje siste gongen vi får sjå han på ei scene i Rindal!

Klassisk song

Turid Kroknes Røen hadde teke med seg dotter si, Torunn, og etter at Torunn hadde framført to solo-songar på vakkert vis, blei Turid med og song "Gentle Mary,tender Mary". Det må seiast å vera eit av høgdepunkta på konserten! For ei stemmeprakt dei to innehar!

Ei som ikkje må gløymas er Johanne Bjørhaug, som både spelte piano, kyrkjeorgel og dirigerte! Rindal er heldige som har fått ein slik flink organist.

Til slutt blei det songe allsong, som tradisjon er, på "Deilig er jorden" og sjeldan har vel det vore slik trøkk på avslutninga på den tradisjonelle julekonserten før!

NO kan julefreden få senka seg, og vi går heim vel vitande at vi har gode kulturbærarar i Rindal!

Barnekor.JPG
Barnekoret under leiing av Johanne Bjørkhaug. Sjarmerande gjeng!

Knut arne.JPG
Øver surndaling Knut Arne Fiske Pedersen las juleevangeliet.

Konfansier.JPG
Konfransier og dirigent Olav Morten Tørset

Kor gøittj.JPG
Kor gøittj....

Tormod.JPG
...og Tormod

Kroknes.JPG
Torunn og Turid 

Lone.JPG
Lone Lorgen

Stian.JPG
Stian Kooyman

Matilde og co.JPG
F.v Karen Gåsvand, Marit Grytbakk og Mathilde E. Bakken.