SD2_1024x683

Varm sommarkveld med Batteri og Stage Dolls

Det var høg, men god temperatur både stemningsmessig og værmessig på Skei utover fredagskvelden på årets Laksefestival. To band, som begge framstod som gode live-band, sørga for musikken frå utescena framfor Kulturhuset: Batteri og Stage Dolls! Banda appellerte til kvar sine aldersgrupper, slik at det utover kvelden vart ein aldersblanda festivalgjeng på Skeisplassen.

Det er stadig driv over Stage Dolls, her representert ved Terje Storli og Torstein Flakne. Alle foto: Norunn Holten

Det var Batteri som opna og la eit godt grunnlag for stemning og folkeliv i sentrumsområdet utover kvelden. Sjølv om det no, mellom anna gjennom media, for lengst har kome fram at bandet har skifta kurs reint stilmessig, er det kjempeflott at bandet får ei slik mulegheit til å vise eit festivalstemt Surnadal kva dette går ut på i praksis. Her fekk dei nemleg lyttarar langt utanom festivalområdet, og dei fekk vist at MGP Junior definitivt er historie. Bandet har funne sin eigen identitet og stil, og denne er såpass unik at det vil vera muleg å plukke ein Batteri-låt ut ifrå annan musikk. Det at bandet har funne fram til sin musikk, og at dei tør å satse på den, er eitt av elementa som gjer det spanande med omsyn til kva ein kan vente seg også i framtida av dette bandet.

Sjølv om mange fekk høyre Batteri, var det likevel berre dei som var inne på plassen framfor utescena, som fekk med seg kor bra Batteri er som live-band. Dei gir alt dei har på scenen, dei gir fansen responsen dei vil ha og dei showar for fotografane! Dei mange som var rundt om i området og ikkje trekte til scenen, kan berre angre seg...

Stage Dolls skuffa heller ikkje! Medan det stort sett var dei yngste som trekte mot utescena under Batteri-konserten, var det eit langt meir aldersblanda publikum som møtte opp for å høyre Stage Dolls. Mange såg nok ein gyllen sjanse til ein bit av 80-talet igjen, og det fekk dei! Bandet viste at gamle kunster ikkje er gløymt, og spela godt både på instrument og sjarm. Kontakten med publikum var også framleis på topp, og det er jo ikkje minst viktig på ein konsert som denne.

Batteri på utescena ved Kulturhuset på Skei.

Batteri showar for fansen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Glimt frå scena!

 

Flott å synge om "elementa" på ein scene der skogen skin igjennom side- og bakveggar!

Stage Dolls har ikkje gløymt gamle kunster: Ingenting å seie på kontakten med publikum her!

Både unge og eldre var samla framfor scena under Stage Dollskonserten.