
Varme langt inn i sjela

Mange i forsamlinga satt nok med gode minne frå tidlegare år, men det var 30-årsjubileum for Jonsvaka i kyrkja i år, og difor var vel forventningane ekstra høge. Eit lysbildeforedrag i Bernt-stil om primstaven, og kaffe og kaker på eit bord i midtgangen, var eit slags oppvarming.
Men klokka ti ringte klokkene inn til ein nesten to timar lang og svært variert konsert. Det veksla mellom gammel og ny musikk, kor og solonummer, og reint instrumentale innslag av trioen. Bernt styrte det heile med stø hand, akkomponerte på orgel og piano, og stod bak enkelte nummer som arrangør og komponist.
Særleg bør ein merke seg hans komposisjon for instrumental og kor, ”Ei lita folketonemesse over fem melodiar frå Todalen”.

Det vil ikkje vera rett å dra fram enkeltaktørar, konserten hadde ingen dødpunkt trass i den store variasjonen, men solonumra og duettane til søstrene Nora og Sigrid var i særklasse. Og framføringa til trioen av Cocertino av den jødiske komponisten Erwin Schulhoff, som døydde i konsentrasjonleir under krigen, greip til og med dei som til vanleg er skeptiske til såkalla ”moderne” musikk.
Så etter enkelte songprestasjonar og instrumentalnummer var det uråd å undertrykke applausen , trass i den settinga som ein kyrkjekonsert er.
Med ”Å ver hos meg” som felles avslutning for musikarar og publikum, ståande applaus og blomster til Bernt, gikk vi ut i den litt kalde sommarnatta med den varmen i oss som stor kunst og felleskap gir.
Tekst: Kåre Sæterbø
Bilde: May Elisabeth Holten

.png)

