Surnadal kommunevåpen

Varsling til kommunens innbyggjarar

Surnadal kommune har eit elektronisk varslingssystem som gjer det enkelt å varsla innbyggjarane om uønska hendingar. Systemet varslar i form av tekstmelding til mobiltelefon eller talemelding til fasttelefon.

Ein føresetnad for vi skal kunne varsle deg er at din telefon er registrert på den adressen du bor. Spesielt må dei som har firmatelefon sjekke om på kva adresse den er registrert.
Her kan du enkelt endre dine opplysninger på websida www.servicevarsling.no.
 

I første omgang vil varsling skje innan kommunal vassforsyning, til dømes: planlagt vassavstenging, krav om koking, sparing på vatn, varsling om spyling av leidningsnett o.s.v.
Seinare kan det bli snakk om varsling om feiing og tilsyn av ildsted, stenging av vegar, varsling i samband med uhell o.a.