"Ved juletid" i Todalen
Liv Marit Polden ønskjer deg vel møtt i Todalen laurdag. Med seg har ho her Borghild Talgø, Per Arne Hyldbakk, John Moe, Gunnvald Bøe, May E. Holten, Øystein Moe og Randi Bøe.
Eit par veker att – men juletida nærmar seg i Todalen. Laurdag kl. 16 blir det mykje flott julemusikk å høre og delta i når Todalskoret med sine venner innbyr til adventskonsert. Sopran Sigrid Bøe, pianist Tor Strand og Åsskard Kyrkjekor stikk også innom.
Mellom innleiiande «Julemotett» og avsluttande «Deilig er jorden» får du høre mykje – m.a. korhymner, «Julenatt», ein uvanleg spenstig «Fager er den himmel blå» og «Til eit lite barn» - denne av dirigent Bernt G. Bøe.
Sopransolist Sigrid – nyleg ferdig med Handels «Messias» - byr på eit par gamle julesongar og den flotte «Ave Maria» av 200-årsjubilant Verdi.
Karane i felleskoret dannar mannskor, og Åsskard Kyrkjekor er som snarast innom Bachs «Juleoratorium». Allsongen vil tone friskt (som alltid i Todalen). Og Torgrim Tunes deklamerer gode adventstankar.
Gjenhør (og gjensyn) med juleevangeliet i form av kantaten «I denne søte juletid» toppar programmet. Den blir framført som stilisert scenespel med Øystein Moe som evangelist og Sigrid Bøe som Jomfru Maria. Nora Bøe er også sopransolist, og koristane spelar gjetarar og folkeskare ved Betlehem for 2000 år sia. Kantaten er eit «juleoratorium» for vår tid, er det sagt.
Konserten er støtta av dei lokale sokneråda, Surnadal Sparebank, Gjensidige og Surnadal kommune.
Tekst og foto: Bert G Bøe