
Ved kanten
Todalen.no melder om at fint ver og tilsynelatande fint føre med tjukk is har gjort Todalsfjorden til ein sosial boltreplass både for todalingane og ellers utabygdes. Men ikkje alle er like forsiktige utpå der. Ved Rossåa settefiskanlegg er det eit stort ope hol i isen der settefiskanlegger har sitt utløp. På ettermiddagen i dag var fleire fiskarar observert faretruande nær iskanten.
Monika Klungervik blir sjokkert når ho får sjå bilda av fiskarane, og vurderer raskt kva ho skal gjere. Men som ho seier – Vi kan ikkje gå 24 timar i døgnet å vakte dette holet no som det er is på fjorden. Settefisanlegget er pålagt å merke utløpet sitt, noko vi også har gjort, men skiltet står naturleg nok på land ved utløpet. Les mer på todalen.no