Vedtok busetjing av flyktningar
Kommunestyret i Surnadal følgde tysdag tilrådinga frå rådmann og formannskap, då dei vedtok å busette 15 nye flyktningar i kommunen i 2019.
I midten av desember vart det klart at Integrerings- og mangfaldsdirektoratet ber Surnadal busette 15 flyktningar i 2019.
Tysdag vedtok kommunestyret busettinga, då dei følgde tilrådinga frå formannskap og rådmann, mot stemma til Nils Petter Tonning frå FrP.
I vurderinga til saka ligg det mellom anna til grunn at eit overslag viser at kommunen til saman i 2019 vil få overført om lag 19 millionar kroner i integreringstilskot frå staten, dersom ein går inn for å busette dei 15 IMDi ber Surnadal om. Det er om lag tre millionar kroner høgare enn utan ny busetting.
Eigedomsavdelinga slår og fast at Surnadal kommune i 2019 har bustader nok til å busette 15 nye flyktningar, i tillegg til dei som eventuelt kjem som følgje av familieinnvandring.
I saksframlegget frå administrasjonen vart det peika på at Surnadal kommune etter kvart har bygd opp ein organisasjon som har god kompetanse når det gjeld å busette og integrere flykningar. Kommunen meiner difor dei er godt rusta for å imøtekomme IMDi si oppmoding, noko politikarane altså sa seg samde i.
– Surnadal kommune har gjort ein kjempejobb
Først ut i debatten var likevel eit klart nei frå Nils Petter Tonning (Frp)
– Her vil eg gå imot rådmannen og seie nei til busetting av flyktningar. Eg ser berre utfordringar med dette. Hadde eg sagt noko anna hadde de vel falt av stolen, sa Tonning, som fekk eit kontant tilsvar frå Rakel Polden frå Arbeiderpartiet:
– Surnadal har, saman med Sunndal, vore blant dei dyktigaste kommunene når det gjeld overgang til utdanning og arbeid. Vi har ikkje mange her som går på sosialhjelp, tvert imot får vi mange ut i arbeid og utdanning. Der har kommunen gjort ein kjempejobb, seier Polden, og legg til:
– Enkelte grupper vil til ei kvar tid trenge meir hjelp, det er ein grunn til at folk er flyktningar. Eg tykkjer det er direkte småleg dersom kommunen ikkje kan ta imot 15 på eitt år. I tillegg treng vi og den arbeidskrafta og dei innbyggjarane vi treng.
Brei tverrpolitisk støtte til Polden
Polden fekk brei støtte etter innlegget sitt:
– Eg vil støtte tilrådinga, og støttar Rakel i det ho skildrar. Dette er ikkje ein overordna, nasjonal diskusjon om kor mange flyktningar Noreg skal ta imot - det er snakk om personar som allereie har fått opphald, som vi hjelper til med å busette. Eg tykkjer dette er veldig positivt, sa Margrethe Svinvik (Sp).
Høyre-representant Tor Rune Halset tok og ordet i saka.
– Eg er og samd med Rakel og Margrethe. Det er viktig at vi har ei bevisst haldning til det arbeidet som vert gjort i bygda vår på dette feltet, og eg kunne tenke meg ein ny statusrapport frå einingsleiar Olav Bergheim seinare, sa han, og fekk støtte frå partikollega Marit Granhus Langli:
– Det å gå for rådmannens innstilling skapar store meirverdiar for oss, det er viktig at vi er rause nok til å gå for dette. Eg går heilhjerta inn for innstillinga.
Ønskar flyktningane velkommen
Bernt Venås frå Sp trakk fram ansvaret for å snakke positivt om flyktningar som kjem til bygda og landet, medan Mali Hildrun Settem (KrF) og støtta rådmannen si innstilling.
– Eg vil henge meg på alt det positive som er sagt her. Vi i KrF er glad for rådmannen si tilråding. De hadde vel sikkert falle av stolen dersom eg sa noko anna og, sa Settem, og la til:
– Flyktningane i bygda er viktig arbeidskraft, mellom anna på sjukeheimen. Dei er kjempeviktige og dyktige bidragsytarar i samfunnet vårt, og vi er mange som har hatt stor glede av å verte kjende med mange av dei.
Eli Vullum Kvande (MDG) fortalte at ho var glad for vendinga debatten tok, og ønska dei 15 nye flyktningane hjarteleg velkommen.
Medrekna familieinnvandring har Surnadal kommune frå august 2013 og fram til i dag busett til saman omlag 120 flyktningar. Omlag 90 av desse bur per idag i kommunen.
Nils Petter Tonning frå FrP stemte imot tilrådinga om busetting av 15 nye flyktningar i Surnadal i 2019.