FS2

Vedtok "korona-støtte" til lokale bedrifter

Tysdag behandla formannskapet i Surnadal fleire saker med søknad om økonomisk støtte til "koronatiltak" frå lokalt næringsliv. Alle søknadane vart innvilga i tråd med tilrådingane.


Støtte til "koronatiltak" i lokalt næringsliv

Surnadal kommune har auka det ordinære næringsfondet med kr 1.000.000. Desse midlane skal øremerkast tiltak retta mot lokale bedrifter, som er råka av koronakrisen. Aktuelle tiltak kan vere til dømes kompetanseutvikling, alternative/midlertidige driftskonsept og markedsaktivitet.

Sollid Mek Verksted AS fekk innvilga støtte på kr 65.000,- til omstilling, opplæring og interne prosjekt i staden for permitteringar.

Bell Tekstil AS fekk innvilga støtte på kr 100.000,- til digital marknadsføring, kompetanseheving og profilering.

Marys Place fekk innvilga støtte på kr 17.300,- til kompetanseheving.

Kristina Svinvik AS fekk innvilga støtte på kr. 75.000,- til uteareal med grønnsak- og urtehage tilknytta restauranten. 

Kokkens.no AS fekk innvilga støtte på kr 85.000,- til omstilling og reåpning av kafeteria, samt kompetanseutvikling.

Vedtaka var einstemmige i formannskapet. Støttebeløpa blir belasta næringsfondet, ekstraløyving «koronatiltak», og utbetalt mot dokumentasjon. 


Andre søknader til næringsfondet

Surnadal Camping Brekkøya har søkt kommunen om støtte til bygging av tømmestasjon for bobilar. Det vart innvilga støtte på 60% av samla kostnader, avgrensa oppad til kr 75.000,- 

Laget Vårsøg fekk innvilga marknadsstøtte på kr. 50.000,- til arrangement og filmproduksjon i samband med alternativt arrangement til Vårsøghelga i 2020. Kleivakvelden i år blir digital, med mange kjente artistar. Surnadal kommune behandar kvart år søknad om støtte til Vårsøghelga, difor blir ikkje denne stønaden rekna som "korona-tiltak".

Stangvikfestivalen fekk innvilga marknadsstøtte på kr. 60.000,- til marknadsføring, gjennomføring og evaluering av Stangvikfestivalen i 2020. Kommunen behandlar søknad om støtte til festivalen kvar gong den vert arrangert, og derfor blir ikkje denne stønaden rekna som "korona-tiltak".

Trollheimsporten AS fekk innvilga prosjektstøtte på kr.100.000,- til gjennomføring av prosjektet «Nye Trollheimsporten.no», ei ny webside med moderne design og ny publiseringsløysing.

Vedtaka var einstemmige i formannskapet. Støttebeløpa blir belasta næringsfondet og utbetalt mot dokumenterte kostnader.

 

Bildet: Skjermdump frå formannskapsmøtet.