avstemning skulesak

Vedtok ny skule til 215 millionar kroner

Onsdag vedtok kommunestyret i Surnadal, mot tre stemmer, å sende det framlagte forslaget til nye Surnadal barne- og ungdomsskule ut på anbod. Kostnadsramma på skuleprosjektet er sett til 215 millionar kroner.

Debatten bar preg av eit kommunestyre som er bekymra for kommuneøkonomien, men som i stor grad meiner at det er på høg tid med ny skule på Øye skuleområde.

Representantane gjekk først til avstemning rundt følgjande tre punkt i kommunedirektøren si tilråding:

1. Surnadal kommunestyre vedtek å lyse ut på anbod vedlagde forslag til ny skule på Øye
skuleområde, Surnadal barne- og ungdomsskule.

2. Skal ein realisere det framlagde forslaget til Surnadal barne- og ungdomsskule og unngå
forsenkingar i framdrifta, inneber dette at ramma for skulen må aukast for å ta høgde for
prisutvikling, påløpte planleggingskostnadar og nødvendige justeringar til kr 215 000 000,- inkl.
mva.

3. Den nedsette arbeidsgruppa fortsetter arbeidet gjennom heile planleggings- og
utbyggingsperioden.

Punkta vart vedtekne mot tre stemmer – Gunhild Bøklep Bøe (Sp), Ove Magne Aasen (H) og Eli Vullum Kvande (MDG). Dermed blir nyskulen på Øye ein realitet – så lenge anboda som kjem inn held seg innanfor den vedtekne, økonomiske ramma.

Under saksbehandlinga orienterte kommunalsjef for oppvekst, Astrid Mogstad Høivik, kommunestyrerepresentantane om den planlagte nyskulen, inkludert kostnadane.

Det endelege forslaget frå arbeidsgruppa er kostnadsrekna til 213 399 925,- inkludert mva. Det er 40 millionar kroner billigare enn det opprinnelege alternativ D1+, som var kostnadsrekna til drøyt 253 millionar kroner.
 

Vil koste 9 millionar i året i 33 år

Økonomisjef Trond Håskjold i Surnadal kommune orienterte om finansieringa av prosjektet.

– Vi er nødt til å finansiere dette lånefinansiering, samt med momskompensasjonen vi kan få ut – rundt 40 millionar kroner. Vi har stort sett ingen eigenkapital å spytte inn i denne investeringa, og det er ingen statlege støtteordningar for skulebygg for tida.

Trekkjer ein frå momskompensasjonen vil det bety eit samla låneopptak på rundt 175 millionar kroner til skuleprosjektet. Ifølgje Håskjold snakkar ein då om 5,3 millionar kroner i årlege avdrag over ein periode på 33 år. Renter kjem naturleg nok i tillegg.

– Eg kan ikkje spå rentegrunnlaget dei neste 33 åra, men vi har rekna med 2,15%, som er faktisk rentenivå på nokre av låna vi har i dag. Det betyr at ein må rekne 9 millionar kroner i årlege kostnader til dette prosjektet, seier Håskjold, og fortsette:

– Og det har vi ikkje rom for i budsjettet vårt slik det er no. Det kjem til å bli ei utfordring for både adminstrasjonen og polikarane å få budsjetta til å gå opp framover. Heldigvis har vi litt tid, for dette bygget blir ikkje bygd i morgon. Og vi kan nytte byggelånsordninga, som gjer at vi ikkje startar betalinga før bygget står ferdig. Dette vil naturleg nok føre til ein noko høgare byggjekostnad.

Kommunedirektør Knut Haugen la til:

– Ramma på 175 millionar, som vart vedteken i 2017, tilsvarar 186 millionar i 2019-kroner etter indeksregulering. Så det de tek stilling til er å auke ramma frå 186 til 215 millionar kroner. Trond sa det ville koste 9 millionar i året å bygge skulen, og veldig grovt rekna betyr det ein liten million kroner i ekstra finanskostnader i året, samanlikna med ramma frå vedtaket i 2017.
 

– Eit godt tilbod for elevane

Etter orienteringar og spørsmål vart det åpna for debatt.

Leiar for plan og byggenemnda, Rakel Polden (Ap), åpna debatten med å informere om arbeidet som er gjort der, og konklusjonen hennar var klar:

– Eg trur det framlagte forslaget blir veldig bra, og eit godt tilbod for elevane. Eg håpar vi kan nå eit vedtak om ein ny skule i dag.

Ove Magne Aasen frå Høgre var nestemann på talarstolen:

– Eg ser store utfordringar med den økonomiske situasjonen vår, og vi kunne gjort ting på Øye mykje billigare. No er vi oppe på same prisane som vi tidlegare har sagt var altfor dyrt, og eg forstår i grunn ingenting av disponeringane her, seier Aasen, og fortsett:

– Eg føler vi heile vegen har vorte ført inn på ein sti, som har hindra oss frå å gjere eit ærleg vedtak. Den har ført oss mot D1-alternativet, og så plutseleg kom ein D1+ rett før vi skulle behandle saka. No er det som om vi har to val, der det eine er å gå for D1 og det andre er at det ikkje blir gjort noko meir i skulesaka.

Aasen fekk klart svar frå Rakel Polden:

– Det er hårreisande å seie at ting i denne prosessen kjem plutseleg på oss. Saka har vore oppe mange gonger og det er brei representasjon i utval og nemnder. Dette er ikkje noko som nokon har koka saman i kjellaren og tvinga oss med på, det er det berre frekt å seie. Det er heller ikkje sagt at det er dette eller ingenting, seier Polden.

Helge Røv tok og replikk på Aasen sitt innlegg:

– Det er ikkje snakk om å ikkje gjere meir. Alternativa er å gå for det framlagte alternativet, eller å gå nye rundar. Og nye rundar har vi gått i mange, mange år, og prosjektet blir ikkje billigare av det.

Ove Magne Aasen svarte:

– Eg trur det er den kjensla folk sit att med, at dei ikkje har noko val.

rakel polden.jpg
Leiar i plan- og byggenemnda, Rakel Polden (Ap).
 

– Det beste vi kan få til

Margrethe Svinvik frå Sp varsla frå talarstolen at ho har tru på dei framlagte planane.

– Vi må anerkjenne at folk har ulike syn på dette, og at det er vanskeleg å sette seg inn i prosessen. Eg trur likeve dette vil bli ein veldig god skule, og ei god løysing. I alle endringsprosessar må ein ta med seg det positive inn i det nye. Alt i alt er det i ei overvekt av gode argument for at dette er det beste vi kan få til, seier Svinvik.

Ho fekk med seg eit einstemmig kommunestyre på at det er kommunestyret, ikkje plan- og byggenemnda, som skal gjere endeleg vedtak om byggjestart. I tillegg fekk ho vedteke at dei økonomiske konsekvensane av ny investeringsramme skal behandlast som eiga sak i samanheng med økonomi og planarbeidet i haust.

Nils Håvar Øyås frå Sp var nestemann på talarlista, og han var sterkt kritisk til at saka ikkje kom til kommunestyret via formannskapet:

– Vi skuldar sentrum ein skule, og det skal vi få til å byggje. Med tanke på økonomien, skulle denne saka komme til formannskapet før saka kom til kommunestyret. Dette er ei auke i ramma som tilsvarar eit helsehus, og det er ei dramatisk auke som skulle vore behandla der først.

– Eg tykkjer og det er bakvendt å først lage prosjektet og så auke ramma, kostnadsramma skulle vore sett først. Særleg i ein kommune der vi i utgangspunktet ikkje har rom for desse investeringane, verken i investeringsbudsjettet eller driftsbudsjettet vårt.

Kommunedirektør Knut Haugen gav Øyås rett i at saka skulle vore oppe i formannskapet før ho kom opp i kommunestyret.

Bergsvein Brøske (Sp) varsla at han ville gå for tilrådinga, og har stor tru på at det framlagte forslaget vil gje ein god skule.

– Eg hadde ønska at vi hadde hatt to alternativ ein kunne sett litt meir i samanheng, i staden for berre det eine som no er lagt fram. No er det likevel ein gong slik at politikk er det muliges kunst, og det er resultata som tel. Vi er nødt, for sentrumsområdet si skuld, til å komme til ein konklusjon. Dette kan ikkje dra ut lenger no, sa Brøske.
 

– Det blir ein del tøffe tak framover

Kathrine Mauset (H) spår tøffe tak i kommuneøkonomien framover.

– Eg står her med skrekkblanda fryd, for vi har ikkje behandla konsekvensane i økonomiutvalet vårt, som er formannskapet. Vi fekk ei kjapp, munnleg orientering frå økonomisjefen om prislappen, men ikkje dei store linjene. Eg tykkjer difor det er vanskeleg å skulle vurdere om ein skal gå for dette eller ikkje. Det blir ein del tøffe tak framover, og eg håpar vi klarar å justere drifta godt nok.

Bernt Venås slo fast at det no var på tide for punktum i skulesaka, sjølv om han fortalte at han deler bekymringane om kommuneøkonomien.

– Forhåpentlegvis vil denne nye skulen gje brukarane eit løft, seier han, og legg til:

– Når det gjeld økonomi må vi ta innover at dette blir veldig vanskeleg. Vi må vere beinharde på økonomi og med prioriteringane våre framover. Det nye kommunestyret får ei tøff oppgåve, dersom ikkje rammeoverføringane blir større.

Eli Vullum Kvande var ei av dei tre som til slutt stemte imot at det framlagte forslaget skulle sendast ut på anbod, med ei kostnadsramme på 215 millionar kroner. Ho sa i debatten at ho var veldig usikker på kva ho skulle stemme.

– Dersom eg seier ja til dette, tek eg samtidig på meg det økonomiske ansvaret, og eg seier at dette er pedagogisk fornuftig. På begge dei punkta er eg utruleg usikker på om dette er noko eg kan stå for. Dette er ei vanskeleg sak, men eg vil seie at eg er utruleg glad for at det i forslaget er teke hensyn til materialval og energiproduksjon, seier Kvande, og slår fast:

– Seier eg nei til dette handlar det ikkje om at eg ikkje ønskjer ny Øye skule, berre så det er sagt.

MDG-listetoppen fekk med seg kommunestyret på at gulbygget ved Øye skule ikkje skal rivast, og at varmegjenvinning og oppvarming av symjehallen skal sjåast nærare på, noko som både vil vere miljøvenleg og gje lågare driftskostnader.