Vedtok tiltak for å hjelpe lokalt næringsliv
Formannskapet i Surnadal vedtok torsdag økonomiske tiltak, som skal hjelpe lokalt næringsliv gjennom koronakrisa. Næringsfondet blir auka med ein million kroner, medan bedrifter kan søke om å få utsett betaling av 2. termin av eigedomsskatten.
Ingressfoto: Surnadal kommune held alle politiske møte via Microsoft Teams, og torsdagens formannskapsmøte vart sendt på Kommune-TV. På denne skjermdumpen ser vi ordførar Margrethe Svinvik (øvst til venstre og med klokka), Eli Vullum Kvande, kommunedirektør Knut Haugen og Bernt Venås.
Den pågåande koronapandemien skapar trøbbel for norsk næringsliv, og det lokale næringslivet er og kraftig råka. Torsdagens vedtak er difor kjærkomen hjelp for dei surnadalsbedriftene som slit mest.
Det endelege vedtaket i formannskapet ser slik ut:
«1. Surnadal kommune aukar det ordinære næringsfondet med kr 1.000.000, der midlane skal
øremerkast tiltak retta mot lokale bedrifter som er råka av koronakrisen. Aktuelle tiltak kan
vere t.d. kompetanseutvikling, alternative/midlertidige driftskonsept og markedsaktivitet.
2. Finansiering av auken i næringsfondet skjer med bruk av udisponert del av konsesjonsavgift, ein
reserve som er opparbeidd over fleire år til krisetiltak.
3. Surnadal kommune vil etter avtale med dei enkelte bedriftene utsette 2. termin 2020 for eigesdomsskatt for dei som har utfordringar med å betale, som følge av koronasituasjonen. Ny betalingsdato vert sett samtidig med 3. termin.»
I tillegg til dei tre punkta i vedtaket, understreka både ordførar Margrethe Svinvik, resten av formannskapet og kommunedirektør Knut Haugen at det i tida framover er viktig at kommuneadministrasjonen i det daglege gjer grep som kan hjelpe næringslivet.
Haugen, som starta saksbehandlinga torsdag med å innleie om saksframlegget sitt, la stor vekt på kva kommunen kan bidra med gjennom den daglege drifta.
Han peika mellom anna på konkrete punkt, som til dømes det å halde framdrifta på vedlikehalds- og byggeprosjekt, og det framskunde både investeringar og betaling av inngåande fakturaer.
– På denne måten kan vi bidra til at det kjem likviditet inn i næringslivet både lokalt og regionalt, og eg kjem til å sende ut ei påminning om at vi skal vere kjappare enn nokon gong til å betale ut inngåande fakturaer. Det kan bety mykje for det lokale næringslivet, sa Haugen.
Kommunedirektøren la og vekt på å handle lokalt.
– Når det gjeld innkjøp skal vi sjølsagt halde oss til lovverket, men så langt det let seg gjere skal vi handle lokalt. Det er viktigare enn nokon gong.
Har undersøkt behov og konsekvensar
Surnadal kommune vil og hjelpe det lokale næringslivet med rådgjeving, samt kartlegging av behov, som dei allereie har gjort i ein konsekvensanalyse.
Der fekk dei inn svar frå 128 bedrifter, som ifølgje næringskonsulent Harald Bredesen rapporterte inn at 346 personar fordelt på 65 bedrifter har motteke permitteringsvarsel.
– Talet ligg over det NAV rapporterer om antal permitterte, så ein må ta med at det i det ligg førehandsvarslar og, presiserar Haugen.
Bredesen og kommunalsjef for næring, Karin Halle, viste vidare til at det så langt berre var ei bedrift som rapporterte inn at dei har måtta seie opp folk – nærare bestemt 11 tilsette.
– Vi må ta høgde for at det i ei slik anonym innrapportering kan vere litt unøyaktigheit, seier Bredesen, som fortel at undersøkinga viser at reiselivsbedrifter er dei som i høgst grad rapporterer inn at koronasituasjonen er ein trussel mot bedrifta deira.
Dei er nemleg sterkt representerte blant dei 23 som svarte «Ja» på spørsmålet om det er ein reell risiko for om bedrifta kan gå konkurs. 81 svarte «Nei», medan 24 svarte «Usikker».
– Det er betryggande og godt å vite at vi har mange solide bedrifter, seier Halle, medan Bredesen supplerer:
– Samtidig er det eit sterkt varsel at nesten 50 bedrifter enten seier at dei er-, eller er usikre på om dei er, trua av konkurs. På det spørsmålet er det ingen «Ja» frå landbruket, men reiselivsbedriftene er spesielt sterkt representerte, med nokre innslag innan varehandel og bygg og anlegg, seier Bredesen.
På spørsmål om bedriftene manglar pengar til å betale nært foreståande rekningar, svarar 22 «Ja» og 93 «Nei», medan 13 er usikre.
– Dette gjeld nok dei aller minste bedriftene, som no i aller størst grad merkar konsekvensane av at dei har måtta stenge. Dei har mista inntekta si, og vi har bedt dei som no må halde stengt om å estimere kor mykje inntekt dei har tapt, seier Halle, og legg til at ho og Bredesen har ringt rundt til bedrifter, med fokus på nyetablerte bedrifter, for å få oversikt over situasjonen.
Ifølgje konsekvensanalysen har 37 bedrifter måtta stenge, som følgje av koronatiltaka.
Vil hjelpe gjennom auka næringsfond
Kommunedirektør Haugen fortalte i innleiinga si at han trur at punkt 1 i tilrådinga, som formannskapet seinare vedtok, vil vere til stor hjelp for dei utsette bransjane.
– Eg har ikkje sett nokon andre kommunar, som har gjort grepet med å auke næringsfondet slik. Mange vil kanskje seie at 1 millioner kroner er som å pisse i havet, men det kan vere eit godt supplement til dei krisepakkane som er komne, seier han.
Den ekstra millionen til næringsfondet skal finansierast av restane av konsesjonsavgifta, som er oppsamla over fleire år, og er øyremerka til tiltak retta mot lokale bedrifter som er råka av koronakrisa.
Helge Røv (Ap) enda opp med å stemme for kommunedirektøren si tilråding, men lanserte først mulegheita for å få til støtte i form av kontanttilskot.
– Eg føler ikkje punkt 1 treff den akutte situasjonen enkelte spesifikke bedrifter står overfor. Det er kontanttilskot dei små bedriftene eigentleg har behov for. Eg har ikkje talet, men det gjeld kanskje 10-12 bedrifter i kommunen. Er det innanfor lovverket å gje dei som kan dokumentere behovet, eit tilskot på, la oss seie 40-50 000 - slik at dei kan komme seg over kneika, likviditetsmessig?
Haugen tok replikk:
– Eg skulle gjerne sagt ja, men næringsfondet vårt har vedtekter, der det er begrensa kor mykje tilskot vi kan gje til drift.
Karin Halle følgde opp:
– Det er difor det tek så langt tid for myndigheitene å finne gode tiltak som treff rett, no; at EØS-reglar og statsstøtteregulativet gjer det vanskeleg å gje tilskot til drift. Det skal komme retningslinjer på dette i morgon, men per i dag er dette vanskeleg, og det same gjeld for andre land og.
– Prioritet nummer ein må vere å behalde arbeidsplassar
Eli Vullum Kvande (Mdg) trakk fram den planlagte gang- og sykkelstien som eit prosjekt ein kan satse på å få fortgang i, og peika på bedriftene si mulegheit for ei grønn omstilling i bedriftene.
– Eg tenkjer at det er viktig at næringskonsulentane luftar dette som eit eige punkt i samtalar med bedriftene. No har vi kanskje rolegare tider, som gjev bedriftene mulegheit til å kunne gjere grep, som til dømes å bli miljøfyrtårn.
– Ser ein på næringslivet i Surnadal er det i stor grad ganske grønt allereie, så eg har ikkje tru på at det vil gje den heilt store effekten, sa Ole Joar Bruset (H), som fekk til svar frå Kvande at ho tykte dette var lite offensiv tankegang.
Varaordførar Hugo Pedersen (Sp) uttrykte støtte til kommunedirektøren sitt forslag om å auke næringsfondet:
– Eg støttar punktet, men legg vekt på at dei ekstra midlane skal øyremerkast til bedrifter som vert ramma av koronakrisen. Eg ser for meg at dette er ekstraordinære midlar, til folk som verkeleg slit, og at det ikkje er automatikk i at vi brukar opp heile potten. Så eg er med på vedtaket i forståinga av at desse pengane er for bedrifter som slit.
Pedersen fekk støtte av Rakel Polden (Ap):
– Prioritet nummer ein no må vere å behalde arbeidsplassar. Dersom bedrifter klarar å gjere omstillingar, som gjer at dei kan behalde tilsette, er det det aller viktigaste. Så det er viktig at vi tenkjer på denne ekstra millionen som ekstraordinære midlar til den typen tiltak.
Vullum Kvande svara:
– Ja, eg håpar at de ikkje misforstår meg: å sikre arbeidsplassar og å ta vare på bedriftene og vise omsorg og rausheit, er viktig. Eg seier berre at ein samtidig må ha med seg ein tanke om berekraft.
Langvarige tiltak kan gje meirkostnadar
Ordførar Margrethe Svinvik (Sp), som tidlegare i møtet bekrefta at det per no er ein person i Surnadal kommune som har fått påvist koronasmitte, understreka viktigheita av at kommunen tek gode og omfattande grep.
Ho viste til dei tiltaka kommunedirektøren og -administrasjonen skal gjennomføre, og slo fast at Surnadal kommune skal ha gode velferdstenester.
– Vi ser av konsekvensanalysen at dei statlege tiltaka blir opplevd som lite relevante, samtidig som vi får mange tilbakemeldingar om at det er viktig å få åpna skular og barnehagar. Det gjer at folk kan vere på arbeid, sa ho, og la til:
– Det same kom fram då vi for nokre år sidan hadde ei liknande undersøking blant næringslivet; nemleg at det viktigaste er at kommunen har gode velferdstenester.
– Vi veit jo ikkje kva som skjer framover, men når det gjeld reiseliv, kan ein tenke seg at det nok kan bli ein del begrensningar på utanlandsreiser framover. Det åpnar forhåpentlegvis for meir etterspurnad etter kortreiste mat- og ferieopplevingar.
Bernt Venås (Sp), som sit i kulturkomiteen i fylkespolitikken, trakk fram ein annan ting han meiner kan føre noko positivt med seg i vanskelege tider.
– Eg vel å tenkje litt positivt, med tanke på det reduserte forbruket mange no har. Dei aller fleste opprettheld lønna si, og det utsette forbruker hos folk no, vil jo komme både reiseliv og handelsstand til gode i etterkant. På lenger sikt kan det vere at dette ikkje blir så stygt som det ser ut no.
Venås spurte kommunedirektør Haugen om kva økonomiske konsekvensar koronatiltaka vil få for kommuneøkonomien framover.
– Eg veit ikkje beløpa i dag, men det er fare for at dette, dersom det blir langvarig, kan gje meirkostnadar, som utgjer betydelege summar. Der og difor myndigheitene no gjev fem milliardar i tilskot til offentleg sektor, derav 3,75 milliardar til kommunen.
Eli Vullum Kvande spurte om det, dersom skulane vert stengte over lang tid, vil vere muleg å framskunde byggestart av nyskulen på Øye.
– Vi har vore i kontakt med entreprenør om det, men det er grundig planlagt opp mot andre prosjekt. Så sjølv om skulen til dømes skulle bli stengt resten av året, er det lite realistisk at entreprenør kan starte før tida. Men vi er klare over saka, og er i kontakt med dei om det.
Formannskapet vedtok dei to første punkta i kommunedirektøren si innstilling, men ikkje det tredje. Haugen innstilte på ei utsetjing av all eigedomsskatt 2. termin til same forfallsdato som 3. termin, men politikarane var samstemte om at det ikkje ville redusere belastninga, berre utsette den og kanskje gjere den enda verre i og med at beløpet å betale i haust ville vorte dobbelt så stort.
Dei peika og på at kommuneadministrasjonen allereie i dag har gode ordningar for dei som ber som utsetting av forfall. Som følgje av formannskapet sitt vedtak torsdag, vil kommunen gå i dialog med enkeltbedrifter med spesielle koronarelaterte utfordringar om forfallsdato for 2. termin av eigedomsskatten.