
Vellukka Trollheimsmarsj
Trollheimsmarsjen søndag vart ein kjempefin tur over fjellet frå Todalen for dei 130 deltakarane, og mange ga uttrykk for stor begeistring når dei kom fram til Leikvoll på Ålvundeidet, melder Trollheimsporten sin samarbeidspartnar todalen.no. Sjå bildekavalkade her!

Dei ivrigaste starta allereie i 0830-tida, men det var eit jamnt tilsig vidare utover formiddagen.
Leiar i trimgruppa, Jostein Bruset, kunne beretta om god deltaking, betre enn i fjor. 130 personar frå eitt år og oppover tok søndag turen frå Bordholmen, over Vardane til målgang på Leikvoll.
Det som overraska karane i sekreteriatet var det store antalet av førstegongs vandrarar, faktisk over halvparten, samt litt dårlegare deltakelse frå Todalen enn venta.
Arrangørane Todalen IL og Ulvungen IL hadde også i år laga natursti med spørsmål frå begge sider. I tillegg vart kvar enkelt utrusta med laminerte kart, så det ikkje skulle vera tvil om kor ruta gjekk.
Sjå bildekavalkade frå Trollheimsmarsjen på todalen.no.

.png)

