Lokal fasteinnsats:
Vellykka KN-aksjon
Tysdagens fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp engasjerte heile kyrkje-Norge. Lokalt er gjennomføringa med konfirmantar og vaksne i Surnadal eit eksempel på flott innsats, skriver Bernt G. Bøe som har sendt inn både tekst og bilde fra aksjonen.
Bildet over: Soknerådsleiar i Åsskard, May Britt Johnsen fordelte oppgaver. Foto: Bernt G. Bøe.
- Utan at vi har oversikt over ofringar i kyrkjene og innkomne midlar via bankgiro og vipps, er resultatet av dør-til-dør-aksjonen i våre sokn tett oppunder 90.000 kroner, seier Lene Wilhelmsen på kyrkjekontoret i Surnadal.
Etter felles møte til informasjon og inspirasjon sist fredag vart dør-til-dør-aksjon organisert av dei lokale sokneråda tysdag kveld. Kirkens Nødhjelp har hatt fasteaksjon sidan 1960-talet, men slike lokale husbesøk kom for fullt på slutten av 1980-talet.
- Her i dalføret var alle konfirmantane ute med bøsser, seier ein fornøgd sokneprest i Surnadal, Vidar Rygh. Han deltok med sterk appell under pep-talken fredag kveld, der «Ja, vi elsker dette vannet» var eit sentralt motto. Mykje av midlane frå årets aksjon går nemleg til å sikre godt vatn til utsette grupper – m.a. i Afrika. Foto: Bernt G. Bøe.
Vi var innom aksjonen i Åsskard kyrkje. Her fordelte soknerådsleiar May Britt Johnsen oppgåver til konfirmantar og vaksne, og sokneprest Kristin Strand organiserte innleveringa.
Sokneprest Kristin Strand organiserte innleveringa. Foto Bernt G. Bøe.
Dei fem sokna i Surnadal har svært ulikt folktetal. Her er summane som kom inn: Øye/Ranes 43.531 kr, Åsskard 14.338, Stangvik 12.054, Mo 10.590 og Todalen 8.595 kroner.
Gro Hauge Venås, diakon i Surnadal og Rindal har oversendt Trollheimsporten resultatene fra innsamlingen til fasteaksjonen. Hun retter en stor takk til alle konfirmanter, frivillige og foreldre som deltok på innsamlingsdagen tirsdag den 20.03.18.
Her er resultatet fra Rindal sin innsamling til fasteaksjon.
Rindal: 33.279,-
Tilsammen ble det kr 122.387,- for Surnadal og Rindal.( Denne summen er uten vipps, da denne summen blir oppgitt senere av Kirkens Nødhjelp)
Denne summen gir rent vann til ca 612 mennesker. Takk for hjelpen , skriver Gro Hauge Venås.