Vellykka rakardugnad
Ein dyktig gjeng gjennomførte vellykka vårdugnad på Åsskard-kyrkjegardane tysdag kveld. Veret var litt småsurt, men opphalde og brukbart. Og om lauv og rusk var rått og tungt, gjekk arbeidet med liv og lyst.
Bildet over: Triveleg ved bordet etter dugnaden. Frå venstre Randi Bøe, Kjellaug Sollid, Arne Erik Otnes, Gunnar Bele, Bjørn Rønning og Kristin Strand.
Også den yngre garde deltok. Nærast Elisabeth (12) og konfirmantane Mia og Aurora. Bak ser vi Grethe Husby Settemsdal og Arnt Erik Otnes.
Etter halvannan times jobb var området rundt kyrkjehuset, Gammelkyrkjegarden ved Trøa og det nyaste gravfeltet mot Belaelva rydda og fint til nasjonaldag og konfirmasjon.
Denne gongen var det eit tjuetal frammøtte - litt færre enn vanleg - som på fellesskapets vegner tok ansvar for at gravplassar og gravminne tilhørande familiane i soknet vart rydda og ordna.
Soknerådet spanderte mat og kaffe etter dugnadsøkta.
Gunnvald Bøe (frå venstre), Kjellaug Sollid og Gunnar Bele bruka presenningen som transportmiddel for lauv og rask.
Inger Lise Heggem, Torbjørg Settem og Asbjørn Bøe rydda på Gammelkyrkjegarden.
Småslitne og kaffetørste: Bjørn Rønning og Gunda Bele
Tekst/foto: Bernt G. Bøe.