Venneforening på tur
Rindal Bygdemuseum har no fått etablert ei venneforening. Denne foreninga har som oppgave å støtte opp om arbeidet ved museet m.a. ved arrangement og dugnader. Innan foreninga er det også oppretta spesielle interessegrupper til å ta seg av tekstilar på museet, bygningar, mattradisjonar, anlegget i Fossdalen og foto.
På ein av dei overlag så fine sommarkveldane vi har hatt i det siste, fredag 6. juni, var medlemane
i venneforeninga inviterte til arboretet i Svinvika i Todalen.
På ein av dei overlag så fine sommarkveldane vi har hatt i det siste, fredag 6. juni, var medlemane
i venneforeninga inviterte til arboretet i Svinvika i Todalen.
Dei som var med på turen.
Dordi Kjersti Mogstad, som er prosjektleiar ved arboretet, tok i mot dei 10 «vennene»
som vart med på turen (pluss museumsstyrar Kari-Elin Bolme Løfaldli), og ho guida oss
gjennom det fine og spesielle anlegget.
Rododendronane og azaleane står no på sitt høgste i blomstring og det vart ei fantastisk
oppleving i fargar og lukt.
Ragnhild Stavne Bolme (tekst og foto)
Omvisninga starta ved azaleane.
Fargeprakt.
I rododendronskogen.
Så eit knippe rododendronar til:
Delikat servering.
Det var godt å sitte i skuggen.
Inger og Bjørg hadde eit bord for seg sjølv.

.png)

