Venner er gull verdt
"Te ha ittj vorte uta dokk", sa museumsstyrar Kari Elin Bolme Løfaldli til forsamlinga av museumsvenner som fekk uromvising på Rindal Skimuseum tirsdag kveld.
Medlemmene i venneforening ved Rindal Skimuseum var fredag kveld invitert til det nye skimuseet for omvising og servering.
Skifilmen som vart produsert for 1,5 år sidan, var ikkje ferdig enno. Etter denne innspelinga har det forresten mesta ikkje vore snø i Rindal. Til opninga blir alle 7 filmane som hører med i omvisingsrunden ferdige. Det blir i alt 1 t og 17 minutt med film.
Nedafor kan du sjå glimt frå utstillinga som du sjølvsagt skal sjå!
På opninga søndag 29.juni er det forresten gratis adgang, og to kjente, trønderske skiløparar vil klippe snora!
Venneforeninga fekk også orientering om arrangementa som skal vere i sommar, og dei fekk tildelt arbeidsoppgåver.
Ledar i venneforeninga, Ann Elin Hess Brønstad kunne opplyse at medlemmene i venneforeninga frå januar til no hadde utført 50 dugnadstimar pr. veke, så det er ikkje rart at Kari Elin Bolme Løfaldli sa at "venner er gull verdt"!
Ho meinte at det minste dei kunne gjere var å gje desse ei eiga omvising på museet før den offisielle opninga i Kulturvøkku. Dermed skulle det også vere lett å anbefale medlemsskapet i venneforeninga. Vi hørte også antyda medlemsprisar ved planlagte lønsjsamlingar i haust.
Det nye museet er alt populært. Nyleg vart to konfirmasjonslag halde i den nye kafeen. Musea i Møre og Romsdal har hatt vårsamlinga si her, og i denne veka skal skoleledarane på Nordmøre møtast her.
Dette teppet som pryder nordveggen inne i den nye museumskafeen har vore golvteppe og er vove av strisekker av Marit Løfaldli, Lium, fin gjenbruk!