
"Venner" på plass utanfor banken
Da Surnadal Sparebank flytta inn i nybygget sitt på Skei 2.november i fjor, var ei av gåvene ein sjekk pålydande 50.000 kroner, øyremerkt utsmykking av bygget. Surnadal-kunstnaren Ole Mauseth vart kontakta, og torsdag ettermiddag kunne statuen "Venner" avdukast utanfor bankbygget.

Avdukinga skjedde som ein del av Sparebankveka 2010, og arrangementet vart også markert med skulekorpsmusikk, pølseservering, langopen bank og tømming av sparebøsser.
Pengegåva som no har resultert i utsmykkinga utanfor banken, kom frå dei andre sparebankane i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.
- Etter ein kort diskusjonsrunde internt, vart vi einige om at vi skulle gjere noko på utsida av bygget. Vi tok da kontakt med Ole Mauseth og spurde han om å lage ein skulptur som kunne passe til banken og det vi ønskjer å stå for. Vi set stor pris på at han takka ja til dette oppdraget, seier viseadministrerande banksjef Knut Haugen.

Bildehoggaren, teiknaren og grafikaren Ole Mauseth er opprinneleg frå Surnadal, men bur i Mandal. Han var sjølv til stades ved avdukinga, og fortalde om kunstverket som no prydar området utanfor banklokalet.
Øvste bildet viser kunstnar Ole Mauseth (t.h.) og viseadministrerande banksjef Knut Haugen med skulpturen "Venner".
På bildet under leverer Amund Pihl Strand (7), med veslebror Martin (5) ved sida av seg, sparepengane sine til Sverre Fiske bak bankskranken.

.png)

