vårsøghelga 28_250x166

Vennetreff og korsong i nyoppussa bedehus

Tidlegare sokneprest i Surnadal, Torbjørn Brøske, fortalde om tida si som sjømannsprest for eit bortimot fullsett Surna Bedehus i ettermiddag. Etterpå vart også tid til litt fotballmimring saman med Anders Sæter. Sjå bilder frå Vårsøghelg-arrangementet i bedehuset her!

Torbjørn Brøske, som no er sokneprest i Kristiansund, var ein av deltakarane under Vårsøghelg-arrangementet "For Gud og kvarmann" i bedehuset på Øra. Der fortalde han mellom anna om erfaringane sine frå åra som sjømannsprest i San Francisco, Stockholm og Paris, og om arbeidet som Sjømannskirken gjer rundt om i verda.

Brøske var sokneprest i Surnadal i ni år, og det var mange som sette stor pris på å møte han att og slå av ein prat i Surna Bedehus. Mellom dei var Anders Sæter (til høgre på bildet), og i og med at dei to spela saman på kretslaget og har lange fotballkarrierer bak seg - Sæter i Framtid og Surnadal og Brøske for Søya og Sunndal - vart det eit hyggjeleg gjensyn og tid til mimring.

Oppdal Mannskor og barnekoret Jubilate var også i aksjon i bedehuset, som for ikkje lenge sidan vart kjøpt og sett i stand av søskenparet May-Astri Goldsack Riiser og Leslie Goldsack.

Pussar opp: - Prisen var ikkje så voldsom, det er vedlikehaldet som kostar. Faren var at forfallet skulle øydeleggje huset, men mange har stilt opp, gitt støtte og jobbar fantastisk godt saman med oss for at bedehuset skal bli eit samlingspunkt igjen. Dette er det einaste huset som sto att da Øra brann i 1938, og mange har eit sterkt forhold det. Vi har mellom anna fått fleire gjenstandar som var vore brukt i bedehuset og som vart teke vare på. Det står enno ein del arbeid att, men vi har kome eit godt stykke på veg, sier Leslie Goldsack.

Han er oldebarn av John L. Sæter, bedehuset sin aktive møteleiar gjennom ei årrekkje. Det var John og sonen Lars Sæter som saman med Ingebrigt I. Grimsmo og brørne Ingebrigt og Anders Aasbø var inititivtakarar og viktige bidragsytarar til bygginga av Surna Bedehus, som vart reist av Surna Indremisjonsforening og innvia i 1923 av indremisjonshøvdingen Johan Martin Wisløff frå foreininga sitt hovudkontor i Oslo. No er det Leslie Goldsack si kone Solfrid som med si erfaring frå hotellbransjen er sentral i utviklinga av "nye" Surna Bedehus.

- Slekt, ikkje sekt: - Vi ønskjer at huset skal bli brukt, og det kan vere til alt frå religiøse møter til bryllaup, middagar og liknande. Kort tid etter at vi hadde kjøpt, overhøyrde vi nokre som snakka om at ei sekt hadde overteke bedehuset. Da måtte eg berre gå over til dei og fortelje at det ikkje dreier seg om ei sekt, men ei SLEKT, seier Leslie med eit smil.

Fekk bestefaren si songbok: Under arrangementet i ettermidddag fekk han ei sterk oppleving da Kathrine Solheim gav han songboka som hadde tilhøyrt bestefaren Lars Sæter. - I den står det mellom anna mange notatar. Da vi avslutta med "Fager kveldssol smiler", prøvde eg å lese songteksta, men tårene kom. Det var verkeleg ei sterk oppleving.

Trykk på bilda under for større versjonar.

vårsøghelga 29_1024x681
Leslie Goldsack med songboka etter bestefaren Lars Sæter.
vårsøghelga 31_1024x785
Tidlegare sokneprest i Surnadal, Torbjørn Brøske, fortalde om åra som sjømannsprest i Paris, Stockholm og San Francisco.
vårsøghelga 27_1024x681
Barnekoret Jubilate under leiing av dirigent og pianist Oddveig Helset Halle.
vårsøghelga 26_1024x681
Oppdal Mannskor med dirigent Svein Asphaug Dørum song laurdag både i bedehuset på Øra og Svinviks arboret.