
Verdsmiljødagen 2011
5. juni er FNs internasjonale miljødag. Klimautfordringane er ein av dei største truslane i verda. Det må fokuserast på desse både internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Her må alle bidra! Det skriv Eivind Hasle (bildet), 1.kandidat i 2011 for SV i Surnadal, i dette lesarinnlegget.

Alle fylke og kommunar har utarbeidd klima- og energiplanar. SV vil vere ein pådrivar for at desse planane blir gjennomførte. I Surnadal kommune vil SV særleg arbeide for desse viktige områda:
• Energisparing i kommunale bygg
• Fleire gang- og sykkelvegar
• Vern av villaksen, som genetisk ressurs og turistmagnet
• Elbilar og ladestasjonar for elbilar i vår kommune
• At det blir tenkt framtidsretta når nye område skal byggast ut /sterkt vern av dyrkajorda.
FNs internasjonale miljødag er eit startskot for det klima- og miljøarbeidet som skal gjennomførast dei neste fire åra. SV vil også framover vere ein vakthund i miljø- og klimasaker.
Eivind Hasle, 1.kandidat i 2011 for SV i Surnadal

.png)

