Nytt frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Vern av 5 nye skogområde - høyring
Framlegg om vern av fem nye område som naturreservat er lagt ut på høyring av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Det gjeld mellom anna Almbekken naturreservat i Surnadal kommune. Høyringsfrist er 24. juni 2020.
Fylkesmannen høyrer med dette framlegg om vern av naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43.
Arbeidet gjeld:
* Ramnfloget naturreservat, Molde (990 daa)
* Almbekken naturreservat, Surnadal (380 daa)
* Fjøseid naturreservat, Tingvoll (2420 daa)
* Vasselen naturreservat, Tingvoll (320 daa)
* Todalen naturreservat, Aure (utviding av Todalssetra naturreservat med 5140 daa med namne-og forskriftsendring)
Områda ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.
Det er utarbeidd eit faggrunnlag for kvart enkelt område med verneforskrift og kart over tilbodsområda.
Høyringsfrist 24. juni 2020 23:59
Les meir på nettsidene til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Bildet: Alm (arkivfoto)