Leserinnlegg _200x200

Vern om Bårdshaugen!

Bårdshaugen er eit verdifullt knutepunkt for surnadalshistorie frå fleire tidsepokar. Til Bårdshaugen er det naturleg å knyte krigshistorie, tida da det var ekserplass på Skei, og ikkje minst: Gisle Sursons saga. På denne unike plassen midt i sentrum ligg det framtidsmulegheiter for bygda, men her kan det også gjerast stor, uoppretteleg skade på kort tid. Politikarane i Surnadal kan gjennom vedtak i tida framover vise at dei meiner alvor med å ville fronte Surnadal som ein kulturkommune. Dette ved å verne om Bårdshaugen og all den verdifulle historia som er knytta til plassen, seier Norunn Holten i eit lesarinnlegg på Trollheimsporten i dag.

Haugen ved bunkersen på Bårdshaugen etter at det trivelege, gamle huset som stod der er rive og bjørkene felt.

Bårdshaugen har ein sentral plass i Surnadal si historie. Hendingar, installasjonar eller forteljingar knyter plassen til minst tre historiske epokar: Eldre tid og Gisle Sursons saga, tidleg 1800-tal og ekserplassen på Skei, og siste verdskrig da bunkersen der vart bygd.

For å starte med det første: Opp gjennom historia har elva svinga seg nedover dalen og skifta leie fleire gonger. Av den grunn er det ikkje så mange plassar i Surnadal ein kan vente å finne restar etter tidlegare busetjing. Skeiplatået står likevel igjen, uberørt av den nådelause og øydeleggjande gravinga til Surna. Skal det finnast vitnemål frå tidlegare tider i nedre Surnadal, er det naturleg å starte leitinga her. Tidlegare, og her treng ein ikkje gå mange år tilbake, var det ikkje tradisjon for å tenkje på fortidsminne i samband med byggeverksemd. Mykje av det som opprinneleg var å finne, er derfor sannsynlegvis alt borte. På dei stadane ein har fare varsamt og fornuftig fram, som ved bygginga av ny sjukeheim for nokre år tilbake, vart det derimot gjort funn. På Bårdshaugen er det derfor all grunn til å gå varsamt fram. Uansett kva som skal byggjast der, må arkeologane først få gjera eit grundig arbeid for å sjå om det er noko å finne frå eldre tider i grunnen.

Av 29 islendingesagaer skrivne på Island kring 1200-talet, er det så vidt eg veit berre to sagaer der handlinga startar allereie medan hovudpersonane bur i Noreg: Egilsoga og Soga om Gisle Surson. I Gisle Sursons saga foregår mesteparten av handlinga på Island, men hendingane som er utgangspunkt for all dramatikken på Island, går ifølgje sagaen føre seg i Surnadal for meir enn 1000 år sidan. På dei første sidene i sagaen følgjer vi familien til Gisle i Surnadal, og vi får ein presentasjon av hendingane som gjer at han seinare blir tvinga til å reise til Island. Her får vi høyre om Gisle, som tykkjer at Bård frå Skei driv med usømmeleg frieri til søstrera Tordis. Problemet er at Bård er kamerat med Torkjell, eldste broren til Gisle. På den tida fanst det ikkje politi, og det var opp til familiemedlemmane sjølve å passe på familien si ære. Vennskapet til Bård hindrar Torkjell i å handle ærefullt, og be han om å halde seg unna Tordis. Både Gisle og faren er derimot sterkt imot hopehavet mellom Tordis og Bård, og seier ifrå om det, men Bård respekterer dei ikkje. Han fortsett med å treffe Tordis. Gisle gjer da det einaste riktige ut ifrå den tidas moral; han drep Bård for å redda æra til familien. Og Bård vart lagt i haug på Skei, heiter det i sagaen.

Om Bårdshaugen vi finn på Skei i dag, er den haugen som er nemnt i sagaen, og om den innheld grava til Bård, er sjølvsagt uvisst. Mange år har gått sidan sagaen vart skriven, og mange inngrep er gjort utan tanke på kva som kan gøyme seg i grunnen der. Da dei husa som allereie finst på Bårdshaugen vart bygd, vart det sannsynlegvis ikkje tenkt på slikt. Det ville også overraske meg om tyskrane som bygde bunkersen, tenkte på fortidsminne. Desto viktigare er det at dei områda som enno står att, blir behandla med stor varsemd.

Ein annan periode i surnadalshistoria som kan knyttast til Bårdshaugen, er perioden 1800-1863 da det var ekserplass på Skei. Om sommaren var det eksis for kring 400 soldatar der, og historier frå denne tida er gjengitt m.a. i Hans Hyldbakk si bok «Gammalt frå Surnadal». Namnet «Maroderhaugen» skriv seg etter seiande frå denne tida, for her satt soldatar som ikkje kunne delta og såg på eksisen.

Bunkersen som tyskerane bygde i haugen i løpet av siste verdskrig, er framleis i god stand, og kunne godt ha vore bruka i samband med både skule og turisme. Saman med mellom anna kanonstillingane på Røssmoen og holene i Igltjønnberga er bunkersen på Bårdshaugen vitnesbyrd frå ei dramatisk tid i bygdehistoria vi gjer alt for lite ut av.

Bårdshaugen er eit unikt knutepunkt for surnadalshistorie frå fleire tidsepokar. Plassen ligg dessutan i gangavstand frå hotellet, sjukeheimen, skuleområdet og heimane til mange i bygda. I ei tid da surnadalingane har innsett at Surnadal er ein plass reisande kjem innom på tross av, og ikkje på grunn av, det vi har å tilby, er det viktig at vi vernar om Bårdshaugen for ikkje å stenge for mulegheiter i framtida. Soga om Gisle Surson er kjent ut over landegrensene og det ligg potensiale i forhold til reiselivsnæring både i denne historia og dei øvrige historiene som er knytta til Bårdshaugen. Området burde vore bruka anten som ein park eller aller helst: få ein funksjon i forhold til dei historiene som knyter seg til plassen. Det er i alle fall viktig at det blir tenkt nøye igjennom kva ein vil med dette området før det er for seint.

Med helsing
Norunn Holten