Lysmesse med konfirmantar og Ungdomskor
Vesal stall og nypolert stove
Preike lysmessa Rindal kyrkje 8. desember 2013
La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg! I min Fars hus er det mange rom. Var det ikke slik, hadde jeg da sagt dere at jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere? Og når jeg har gått og gjort i stand et sted for dere, vil jeg komme tilbake og ta dere til meg, så dere skal være der jeg er. Og dit jeg går, vet dere veien.» Joh. 14,1-4
Tida er komen og nettet tek til å snøre seg rundt både Jesus og disiplane. Jesus veit kva som skal skje, mens disiplane er temmeleg rådlause. Kva skal det bli til? Korleis skal det gå med oss?
Og Jesus forstår. Han høyrer og han ser og han har inderleg vondt av desse tolv som han har kalla og oppdratt etter beste evne. Kva skal det bli til?
Spørsmålet er betimeleg for oss også. Kva skal det bli til? Korleis skal me få til alt me ville at skulle vera på stell – både kva familieforhold og hushold angår, både kva karakterar og framtid angår – kva skal det bli til?
Dei kortsiktige bekymringane går på korleis me skal bli ferdige med alt til tentamen, til juleavslutningane her og der, til julemiddagen, til pakkefesten ... det er ikkje med måte me kan bekymre oss for alt dette som i den store samanheng betyr – ganske lite.
Kva betyr noko, om ikkje julemiddagen og tentamenskarakterane gjer det? Kva betyr noko – slik eigentleg?
Slik eigentleg betyr det noko at det er mange rom i huset til Gud. Slik eigentleg betyr det noko av Gud kjem til verda som eit lite barn og tek sin del av ansvaret for alt vårt.
Var dette noko me visste – eller var det noko me hadde gløymt??
Eg veit av eiga erfaring at det er den enklaste sak av verda å gløymde dette i adventstida. Me har så meir enn nok med oss sjølve og alt me skulle ha gjort og ordna for å gjera jula mest mogeleg optimal for familien vår. Det skulle vore vaska og rydda, det skulle vore baka og skrive julebrev, det skulle vore så tida stod stille og livet vara evig – berre for at me skulle koma oss i mål til jul.
Og så gløymer me at jula er sjølve målet: Der kjem Gud til oss. Der tek han ansvaret for alt vårt av lisvbetingelsar. Der tek han ansvaret for oss.
Og så seier han sjølv når han er nesten i mål – like før han vart krossfest, døydde og vart gravlagt, stod opp frå dei daude tredje dagen, osv osv:
Lat ikkje hjarta uroast. Tru på Gud og tru på meg. I huset til far min er det mange rom.
Eg har ei utfordring som går til oss alle: Skal me ta Jesus på ordet? Skal me slutte å bekymre oss for saker som eigentleg er bagatellar? Skal me senke kravet om perfektheit til både oss sjølve og andre?
Tenk kor godt me kunne ha det om me ser på adventstida som ei tid for han som kjem. I si tid var ein stall og ei krubbe bra nok for han som er frelsaren vår. I vår tid er det bra nok om han får teke ifrå oss litt av uroa vår og angsten vår, slik at han får tala til hjarta og tilliten vår.
Jesus forkynner for oss at det er mange rom i Guds hus. Det går an at me gjer som salmeforfattaren og seier: Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderum. Der samles mine tanker som i en hovedsum. Der er min lengsel hjemme. Der har min tro sin plass. Jeg kan ham aldri glemme velsignet julenatt.
***
Konfirmantane hadde ein stor del av oppgåvene under lysmessa. Dei tente Adventslys, og dei las adventstekster og tente den sjuarma lysestaken.
Ungdomskoret deltok med song.
Foto: OleT. Klikk på bilda nedafor for å sjå dei større og som bildeserie!