Veterantreff
Veterandagen, 8. mai, vart onsdag kveld markert i Rindalshuset. Ordføraren hadde på vegne av Rindal kommune invitert veteranar frå andre verdenskrig og veteranar som har gjort teneste i FN-styrkar og andre internasjonale operasjonar til sosialt samver.
Bildet over: Veteranane ovafor er Ingebrigt Landsem, som var med tidleg i Norbat-tida, Sindre Romundstad reparerte tyngre kjørety og var sjåfør i verkstedkompaniet og var sjåfør for ein liasonoffiser (totalt 2,5 år tenestetid) og Birger Bjørnås kjørte bergingsbil i det norske verkstedkompaniet, alle i Libanon.
Dette var den 5. samlinga på rad for veteranar i Rindal. I forsamlinga var det representantar både frå Tysklandbrigaden, Gaza og seinare oppdrag, og mange hadde mykje å prate om av felles erfaringar.

Hovudprogramposten var det Torleif Heggem som stod for i år. Han var med i DANOR-bataljon 15 hausten 1963 til våren 1964. Der var han i transporttroppa og var kjøretyreparatør og sjåfør.
Han viste bilde frå opphaldet både frå leiren og fritidsturar til Jerusalem, Dødehavet, Kairo og pyramidane
.
Appelsinfarm

Kvelden vart avslutta med eit godt måltid og enda meir utveksling av minne.
Veteranane er alt i gang med å planlegge sin del av programmet for markeringa neste år!
![2019-05-08 19.10.33_690x1036[1].jpg](https://img7.custompublish.com/getfile.php/4458453.1537.ulqaqzulkalspm/2019-05-08+19.10.33_690x1036%5B1%5D.jpg)
Minneblankett over dei som deltok i andre verdskrigen har fått fin plassering i Rindalshuset.


.png)

