
Register over lag og organisasjonar i Surnadal skal oppdaterast
Vi treng di hjelp!
Unge representantar for frivillige lag og organisasjonar i Surnadal.
Trollheimsporten sitt register over lag og organisasjonar i Surnadal treng oppdatering. Mange oppføringar i registeret har blitt forelda slik at det no står oppført feil kontaktperson, e-postadresse, telefonnummer eller postadresse. Det er fleire som brukar desse listene når dei skal kontakte organisasjonane, så dersom det er feil her, kan det medføre at viktig info ikkje kjem fram til rett person i tide. Mellom anna brukar kommunen dette registeret. Vi ber deg sjekk opplysningane om organisasjonar du er tilknytta og gje oss tilbakemelding på om dei stemmer. Det hadde også vore flott om alle lag og organisasjonar i framtida, t.d. ved årsmøte, innfører fast rutine på å gje melding om endringar til oss.
Er du med i eit lag eller ein organisasjon som ikkje er med på lista? Da kan du gå glipp av verdifull informasjon. Ta kontakt, og kom med i registeret!
Klikk her for å koma til registeret. Rettingar kan sendast til norunn@trollheimsporten.no.