Vikingane har fått si dronning og sin konge!
Laurdag var det finale i Vikinge-femkamp på NBU Landsstemne i Surnadal, og Åshild Fagerbakke Fosse frå Hordaland vart Vikingedronning og Kristian Sveen frå Solør (tidl. Nord Trøndelag) vart Vikingekonge.
Finaleøvinga gjekk ut på at to satt på ein pall med føtene mot kvarandre og med handgrep om ein trepinne. Målet var å dra konkurrenten over på si side, eller få han til å sleppe pinnen.
Speaker Knut Ole Laksøyen og Gøran Bolme sørga for at alt gjekk rett for seg, kontrollerte starten og dømte vinnaren, som var den som heldt fast pinnen, på pallen eller i vatnet.
Først var det semifinale i dame og herre klassen, før kåringa vart avgjort i finalen. Da var alle deltakarane gjennomvåte og meir eller mindre utslitne.
Om vatnet var kaldt? - Friskt, var svaret!
Slik jublar berre ei ekte Vikingedronning!
Herrefinale for fullt alvor!
Vikingekongen Kristian Sveen frå Solør (tidlegare Nord Trøndelag)