watermarked_thumbnail[1]_200x287

Viktige søknadsfristar i Surnadal kommune

Fleire viktige søknadsfristar kjem i løpet av den næraste tida. Kulturmidlar, Kleivapris, miljøtiltak og utleige av idrettshall er nokre av desse. Les her og få oversikt!
15. april:
 
Kulturmidlar Surnadal kommune
Søknadsfrist på kommunale kulturmidlar for song- og musikklag, andre lag og foreiningar samt idretts- og skyttarlag. Elektronisk søknadsskjema finn du her.
 
  
 
 
 
 
 
 
 
 
 
  
Søknadsfrist på Kleivafondet
Kleivafondet skal; "fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke stjerneidrett og fotball".
Det er ikkje eige søknadsskjema til fondet, men søknaden må innehalde omtale og budsjett for tiltaket.
Ta kontakt med 
kulturkontoret
   
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
Forslag på kandidatar til Kleivaprisen  
Frist for å kome med kandidatar til Kleivaprisen 2010 er 15.april.
Kandidatar som vart foreslått i 2009 vil også komme i betraktning dette året.
Ta kontakt med 
kulturkontoret.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Spesielle miljøtiltak i landbruket-SMIL-midlar 2010
Gjeld tilskot til spesielle miljøtiltak -kulturlandskap, verneverdige bygningar m.m.
Søknadsskjema får du hos landbruksforvaltninga i kommunen, tlf 71 65 58 52 / 71 65 58 53, eller på 
www.slf.dep.no
Søknaden skal sendast til Surnadal kommune, Næring og utvikling, 6650 Surnadal.
Søknaden må sendast før arbeidet blir sett i gang.
For meir informasjon sjå infoskriv.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
1. mai:
 
Utleige idrettshall, symjehall og gymnastikksalar
Frist for å søkje om tid i idrettshall, symjehall og gymnastikksalar i Surnadal er 1. mai 2010.
Same frist gjeld for registrering av lån av Øye stadion og kunstgrasbane.
Søknadsskjema får de ved Sørviskontoret på kommunehuset og på kommunen si heimeside; www.surnadal.kommune.no
Send skjemaet til Kulturkontoret, Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal eller elektronisk på post@surnadal.kommune.no