geir inge brendehaug 2

Coop Extra Surnadal:

Vil åpne søndagsåpen butikk før sommaren

Coop Extra Surnadal er godt i gang med planlegginga av ny, søndagsåpen butikk, og håpar å åpne dørene allereie før sommaren. – Vi ønskjer å vere offensive, og tykkjer dette er eit kjempespennande prosjekt, seier butikksjef Kjell Inge Brendehaug.

Per i dag er ingen av daglegvarebutikkane i Surnadal åpne på søndagar. No ønskjer Coop Extra å bli først ut.

Planlegginga av ny butikk, som etter plana skal åpne i lokaler som no står ledige, er godt i gang.

– Sjølv om det ikkje er endeleg bestemt at vi køyrer i gang med søndagsåpent, ligg det klare føringar her om at vi har ei målsetjing om å få det til, seier butikksjef Kjell Inge Brendehaug.

Onsdag sendte Coop Extra ut nabovarsel om fasadeendring, og torsdag vart dei tilsette informert om siste nytt. 

Butikksjefen håpar å vere i gang med søndagsåpen butikk allereie før sommaren.

– Ja, avgjerda må takast kjapt, for vi har veldig lyst til å rekke sommaren, helst og mai månad, sjølv om det kan vere at det blir litt for knapt med tid.

I tida framover skal det jobbast med å få klarlagt alle kostnader, for å finne ut om det er rekneskapsmessig forsvarleg å starte søndagssatsinga.

– Vi må rett og slett kvalitetssikre alt, men dersom alt fell på plass er det berre å køyre på. Ting må skje fort no framover, smilar Brendehaug.


Nytt lokale

Den søndagsåpne butikken blir å finne i eit nytt, eige lokale.

– Ja, vi lagar eit heilt nytt lokale, uavhengig av den butikken vi har i dag. Det ligg eit lokale i bakkant, mellom bygget der Coop Extra er i dag, Vinmonopolet og banken. Det lokalet er no på 113 kvadratmeter. Planen er at vi skal lage eit vindfang, slik at det blir akkurat 100 kvadratmeter, seier Brendehaug.

Søndagsåpent-prosjektet har sitt utspring frå Coop Nordvest, som spurte Coop Extra Surnadal om dette var noko dei kunne vere interesserte i. Det sa Brendehaug ja til.

– Når dette vart lufta med oss, sa vi oss villige til å prøve. Det har vore litt fram og tilbake ein periode, men i går, torsdag, fekk vi høyre at det no har konkretisert seg meir og meir. Difor skal vi ha eit informasjonsmøte torsdag ettermiddag, seier han, og fortel: 

– Vi blir på ein måte eit pilotprosjekt, eit forsøk, for å sjå om dette er eit eigna konsept. Coop har prøvd før, mellom anna på Kyrksæterøra. Der var dei nok for tidleg ute, og konseptet den gongen var nok heller ikkje godt nok, så dei lykkast ikkje der. 

Han har stor tru på konseptet Coop Extra no ønskjer å sette i gong, og fortel om ein sterk vekst for Coop Extra Surnadal sidan omlegginga til nettopp Coop Extra i 2016.

– Etter ein litt treig start tok det skikkeleg laus sommaren 2016, og oppturen har berre fortsett. Vi har auka med fem til sju millionar kroner i året dei siste åra, og hadde ei omsetning på 83 millionar kroner i 2018. I 2019 bør vi nærme oss 90 millionar, og det vert no delt ut over ein million i kjøpeutbytte og bonusar berre frå Coop Extra-butikken i Surnadal, seier Brendehaug, og legg til:

– Eg har vel sagt at eg har eit mål om hundre millionar kroner i omsetning i 2020, og denne satsinga på søndagsåpen butikk er ein brikke i puslespelet for å få til dette. 


Rosar dei tilsette

I utgangspunktet er planen å bemanne den søndagsåpne butikken uavhengig av den allereie eksisterande Coop Extra, fortel butikksjefen.

– Ingen tilsette kjem til å verte tvungne til å jobbe søndag, og butikken kan, for å sette det på spissen, bli heilt separat både når det gjeld lokale og bemanning. Likevel er det nok meir truleg at det blir ein miks, seier Brendehaug, og fortsett: 

– Vi har ein del vikarar og liknande, som det godt kan tenkast at vil ønske å jobbe ein og anna søndag. Det er jo godt betalte dagar, og dersom ein tenker over det er det faktisk ganske mange som jobbar på søndagar. Det å jobbe på søndg er ofte sett på ein uting, og eg kan til ei viss grad forstå det. Samtidig jobbar eg søndagar sjølv, og trivst godt med det, seier han.

Butikksjefen er full av lovord om dei 19 tilsette ved Coop Extra Surnadal.

– Dei tilsette er veldig ivrige og på hugget. På matrommet vårt har vi alle tal synlege: omsetning og svinn, samanlikningar med i fjor og resultatrapportar med både topplinje og botnlinje. Ingen tal er skjult for dei tilsette, og dei følgjer nøye med på utviklinga vår. 

Dersom det blir åpna søndgsåpen butikk ser Brendehaug for seg å auke med tre-fire nye tilsette, og pågangen av folk som ønskjer å jobbe for Coop Extra er stor, fortel han.

– Eg vert kontakta av tre-fire som ønskjer å jobbe hos oss kvar einaste veke, så det er tydeleg at vi har vorte ettertrakta som arbeidsgjevar.


Vil ta større del av kaka

Søndagsåpne butikkar har tradisjonelt vore eit hyppig debattert tema, som mange har sterke meiningar rundt. Brendehaug ser på nysatsinga som ei mulegheit Coop Extra rett og slett måtte ta.

– Eg likar å vere offensiv, dette handlar om at vi må ta dei mulegheitene vi har. Vi har eit lokale, som vi ikkje treng gjere veldig mykje med, og det får heller ingen konsekvensar får den eksisterande butikken. Då har vi eit utgangspunkt der vi kan gjere eit forsøk utan at det kostar skjorta for oss.

Butikksjefen understrekar og at det no er langt enklare å sette opp ein ny butikk enn det var for 15-20 år sidan.

– Heile prosessen er mykje enklare enn før - ein treng ikkje store, dyre installasjonar lenger. Med det nye utstyret som finst i butikkane i dag er det i grunn innmari enkelt å sette opp ein ny butikk, det trengs og mindre strøm og liknande, seier han.

Brendehaug legg ikkje skjul på at han tykkjer prosjektet med å åpne den første søndagsåpne daglegvarebutikken i Surnadal er veldig spennande.

– Det er rett og slett kjempespennande, og butikken vi planlegg er jo ein fullverdig butikk. Går det ikkje så går det ikkje, då har vi i alle fall prøvd, og det utan at det har kosta skjorta, seier han og legg til:

 

– Vi har planer om å ta ein større del av kaka i daglegvaremarknaden, og dette er ein del av den strategien.
 

geir inge brendehaug coop extra 1.jpg
Butikksjef Geir Inge Brendehaug ved Coop Extra Surnadal håpar å kunne åpne dørene til søndagsåpen daglegvarebutikk allereie i mai.