Picasa

Vil du bu i sentrum

No blir det lansert eit svært sentralt boligprosjekt på Skei i Surnadal! På parkeringsplassen mellom Moavegen og Skeistrøa er det prosjektert 25 leilegheiter når det blir fullt utbygd. Første byggesteget kan ta til hausten 2016 dersom interessen er der.

Det er Landbrukshuset AS som står bak dette byggeprosjektet. Området er tenkt utbygd i etappar avhengig av kor stor interesse det blir for leilegheitene. Med full utbygging av 25 leilegheiter blir parkeringskapasiteten redusert. Det er ei utfordring som må løysast etter kvart som området blir utbygd.

Frå kommunen si side er området regulert til bustader, så dette er heilt i tråd med kommunale planar, seier Per Lyder Røv, dagleg leiar ved Landbrukssenteret. Det er også ønskeleg med fortetting i sentrum.

IMGP1688_690x457.jpg
Her skal det byggast 25 leilegheiter, seier arkitekt Georg Øye og dagleg leiar for Landbrukshuset AS, Per Lyder Røv. Oppstart og utbyggingstakt er avhengig av markedet. Meld interessa di på Landbrukshuset og få vite alt om prosjektet!

Moavegen nedenfra4-001_690x215.jpg

Første byggesteget blir det vestlegaste bygget i øvre rekka mot Moavegen, slik vi ser det nærmast på denne teikninga frå arkitekt Georg Øye som har teikna prosjektet.

Denne husrekka har 3 bygg, med 7, 6 og 7 leilegheiter på 3 plan. Nedafor mot Skeistrøvegen er det planlagt eit 2-etasjers bygg med 5 leilegheiter, vertikaldelt.

Prosjektet er ikkje prissatt enda, men dei må vere konkurransedyktige.
- Eksklusivitet er ikkje salgbart i Surnadal, seier Røv.

Moavegen ovenfra3-001_690x460.jpg

Sett frå Moavegen med inngang til mellometasjen og toppetasjen. Sokkelleilegheitene har inngang nedafor. Vi ser at dette blir moderne bygg - nærmast funkis-stil, og annleis enn det vi har sett før på Skei.

Mellom husene4-001_690x149.jpg

Frå sør ser vi rekka mot Moavegen øvst, og til venstre ser vi rekkehusa mot Skeistrøvegen, som er tenkt bygd sist.

IMGP1682_690x376.jpg
​Utsikta frå toppleiligheitene, som kjem høgre enn dette, blir lekker!

Kartskisse for oversyn ser du nedafor.   Last ned kartet som pdf-fil her!

Kart-001_690x835.jpg