på Skjortfjellet_1024x683

Trimsesongen nærmar seg slutten

Vil du ha trimkrus?

Trimgruppa i Bæverfjord i.l. minner om at 1. oktober og ny trimsesong no nærmar seg med stormskritt. Har du enno ikkje nok turar til krus eller gullmerke, er det likevel litt tid igjen til å skaffe seg utmerkingane. Går du for krus, er det dei fleste postane som eignar seg til ein trimtur på kveldstid. Hugs også at det er muleg å gå innom fleire trimpostar på same tur!

Rast på toppen av Skjortfjellet på ein idrettslagstur tidlegare i haust. Foto: Norunn Holten

Dreyerstuløa, Belavatnet, Amtlia, Bæverfjordsetra og Solligjerdet er til dømes postar det går an å kombinere på ulike måtar, avhengig av kor langt du er interessert i å gå. Du kan vera innom både Dreyerstuløa og Belavatnet på same tur. Du kan også forlenge turen til Rønningsetra eller Amtlia og Bæverfjordsetra. Du er vidare muleg å gå ned om Solligjerdet i staden for Bæverfjordsetra. Andre mulegheiter til å slå to fluer i ein smekk er Sæterbøsetra og Skarven, Skjortfjellet og Vassdalssetra og Svartvatnet og Baklisetra. Eller kva med å sykle om Kraftstasjonen og forlenge turen, anten med sykkel eller til fots, til Bjorvollen?

Hugs at vi ikkje treng vente på sol for å ta ut! Ta fram det som trengs frå klesskapet, og nyt dei mange fine turmåla våre også no i haust. Det er ein haust med sterke fine fargar, lovar trimgruppa.

På veg inn på setervollen ved Vassdalsetra.