059_1024x683

Bæverfjord IL inviterer til dugnad

Vil fjerne søppel frå vasskanten

Bæverfjord idrettslag vil ha folk i bygda med på å rydde opp kring strendene i Åsskardfjorden og Hamnesfjorden. Torsdag 7. juni kl. 18.00 inviterer dei heile bygda til dugnad for å få fjerna søppel frå sjøkanten. Stormane som herja i vinter, la igjen mykje plast og anna ikkje-nedbrytbart søppel, og det er dette idrettslaget no vil fjerne. Målet er å få dette gjort før badesesongen startar og søppelet gror ned.

Styret i Bæverfjord i.l., her representert ved Kent Ronny Hove (t.v.) og Magne Sollid, vil ha folk i bygda med seg på å rydde i vasskanten. Foto: Norunn Holten

Det er først og fremst dei inste delane av Hamnes- og Åsskardfjorden ryddearbeidet vil konsentrere seg om. Det er sett opp ein ryddegjeng som skal møte opp ved Bæverfjord stadion, og ei gruppe som skal møte ved Åsskard kyrkje. Ei tredje gruppe vil ta for seg enkelte utsette viker lenger ute i Hamnesfjorden. Dei som vil delta her, møter ved Solem. Folk kan møte på den staden dei naturleg soknar til. I tillegg kan Bøverdalingane hjelpe til i Bæverfjord, og folk som bur på strekninga Bele-Hakstad, kan møte ved Solem.

Bæverfjord idrettslag er eitt av fleire idrettslag kommunen har bede om hjelp for å få rydda strendene i kommunen. Laga får eit pent pengebeløp av kommunen for å gjera denne jobben, så ved å delta på ryddedugnaden kan ein støtte to gode saker: miljøsak og idrettslag! Styret i Bæverfjord IL sett pris på å få dette oppdraget frå kommunen, og tykkjer det er flott at kommunen løyser miljøproblema etter stormane på ein måte som gjer at dei også støttar dei frivillige organisasjonane.

Sjå plakaten her.

Bæverfjord i.l. er medlem av Trollheimsporten. Bli medlem du også! Klikk her for å bli medlem. Alle medlemmer her!