Jenny Klinge og Trygve Slagsvold Vedum foto privat 2016

Vil gjerne halde fram på Stortinget

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Surnadal har sagt seg villig til å stille til nominasjon på nytt til neste val, dersom partiet ønsker det.

Bildet: Jenny Klinge og partileiar Trygve Slagsvold Vedum på Stortinget i 2016 (Foto: privat)
 

I november det er nominasjonsmøte i Møre og Romsdal Senterparti. Nominasjonskomiteen har bedt dei tre første på dagens liste gi ei tilbakemelding på om dei framleis vil stå på lista eller ikkje.

– Eg har sagt ja til å halde fram på førsteplassen, dersom partiet vil ha meg, seier Jenny Klinge.

Ho understrekar at det er først i november vi får endeleg svar på om ho blir renominert. No blir det først ein prosess i lokallaga.


Vil bidra til regjeringsskifte

– Eg har verkeleg lyst til å halde fram på Stortinget, aller mest for å bidra til eit regjeringsskifte neste år. Slik kan vi få ein slutt på den massive sentraliseringa som dagens regjering og stortingsfleirtal har stått for, sier Klinge.

Ho ønskjer å arbeide for god lokal velferd og gode tenester nær folk i heile landet, og ikkje minst for at det skal vera mogleg å drive med verdiskaping og næringsverksemd i heile landet.

– Vi har så store naturressursar og mange menneskelege ressursar spreidd rundt om at vi må leggje til rette gjennom breibandsutbygging, vegbygging, betre og billigare ferjetilbod osb. for at folk skal kunne vera aktive uansett kor dei bur. Dette er også svært viktig for kulturlivet og reiselivet vårt.


Lang erfaring frå nasjonalforsamlinga

Nå denne perioden er over har Jenny Klinge tilsaman 14 års erfaring som stortingspolitikar.

– Eg har fått nokre år på baken i nasjonalforsamlinga no. Eg håpar å kunne bruke denne erfaringa målretta dersom, og helst når, Senterpartiet kjem i regjering igjen neste haust. Eg veit kva det er å sitje i regjering med berre om lag 6 prosents oppslutning. I september 2021 håpar eg veljarane gir oss sjansen til å oppnå mykje meir framover gjennom eit godt valresultat for Senterpartiet og det vi står for.

Ho sier at ho er glad for å ha ein partileiar som Trygve Slagsvold Vedum, som verkeleg står på for folk og næringsliv.

– Det at han er leiaren vår gjer det lettare å halde fram for meg som stortingsrepresentant òg. Han er rett og slett ein kjernekar både som menneske og folkevalt!


Minst like engasjert som før

Frå desember 2018 og ut juni 2019 var Jenny Klinge sjukmeldt. Eit sjukefråvær på sju månader er sikkert noko som gjer at somme lurer på om ho kan halde fram i denne rolla, trur ho. Men sjølv er ho ikkje i tvil.

– Medan eg var sjuk visste eg jo ingenting om framtida, om eg kom til å bli ufør eller heilt frisk igjen, berre at det var veldig plagsamt og vondt i den perioden det stod på. Men no arbeider eg like effektivt som før og er minst like engasjert, så eg tek denne sjukemeldingsperioden med meg som ei nyttig erfaring i staden for som eit hinder. Eg klarer veldig godt å setje meg inn i den usikkerheita som mange føler no i desse dagar, og forstår at forutsigbarheit er ein nøkkel i den grad vi som politikarar kan gi dette til flest mogleg i ein vanskeleg situasjon, avsluttar Klinge.