barnevern_250x171

Vil ha fleire barnevernstillingar

Kommunestyret i Surnadal ønskjer å styrke barneverntenesta med to fagstillingar. Etter at barneverntenesta vart interkommunal, har det vore fleire som tek kontakt. Både i Rindal og Halsa har det i lengre periodar vore lita bemanning i barnevernet, og fleire saker har vore sett på "vent" i periodar med få tilgjengelege ressursar. Dei to stillingane som det no blir søkt om midlar til, skal bidra til fagutvikling og at lovpålagte oppgåver blir sikra.

I statsbudsjettet for 2011 er det satsa på ei styrking av barnevernet med 240 millionar kroner. 12 millionar skal fordelast til kommunane i Møre og Romsdal etter søknad.

1. september 2010 vart barnevernet i Halsa, Rindal og Surnadal samla i ei felles interkomunal teneste med hovudkontor i Surnadal. Periodar med få ressursar kombinert med at mange saker er langt meir alvorlege enn det ein først trudde, har ført til at fleire av sakene har fått ei meir negativ utvikling enn ønskjeleg. Dei blir også meir arbeidskrevjande etter som tida går før ein får sett inn tiltak.

Ifølgje sakspapira til kommunestyremøtet i Surnadal torsdag, betyr interkommunalt samarbeid også ekstra koordinering og planlegging. Barneverntenesta må ta omsyn til tre kommunestyre og hovudutval, og innføringa av nytt fagsystem krev framleis mykje opplæring og rutineoppbygging.

Sjukefråveret blant sakshandsamarane har gått kraftig opp sidan starten av desember 2010.

Dei folkevalde i Surnadal ønskjer difor fleire stillingar i barnevernet, mellom anna for å få kortare saksbehandlingstid, meir direkte arbeid mot barn og familiar og styrka oppfølging av avlastingsheimar, fosterheimar og støttekontaktar.